Rekordpåmelding til Barnehagekonferansen

I dag startar Barnehagekonferansen 2005 med ny rekord i påmelde deltakarar. – Det borgar for ei god konferanse, spår medarrangør Britt Loven Ølnes frå Høgskulen i Volda. Temaet er likestilling og likeverd i barnehagen.

- Vi har registrert 181 deltakarar, og det er rekord, fortel Eirik Bech ved Kontor for etter- og vidareutdanning, som står for dei praktiske detaljane.

- Barnehagekonferansen har vorte ein årviss konferanse for pedagogar i barnehagane i Møre og Romsdal og barnehageansvarlege på kommunenivå, fortel Britt Loven Ølnes. Fleire ressurspersonar med topp kompetanse innanfor arbeid med likestilling i barnehagen tek del på konferansen.

Du kan lese programmet og meir om konferansen på www.hivolda.no/barnehagekonferansen

Del på: