Rekordstor påmelding til barnehagekonferansen 2006

350 deltakarar frå heile fylket tek del på Barnehagekonferansen 2006 ”På ramme alvor” om kompetanseheving i barnehagesektoren. Konferansen blir arrangert i Molde torsdag og fredag denne veka og er et samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet og Fylkesmannen i M&R.

- Konferansen er eit av tiltaka i barnehageløftet i Møre og Romsdal . Dei yngste barna i barnehagen og  barnehagen sitt samfunnsmandat er sentrale tema under konferansen, fortel studieleiar for Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, Britt Loven Ølnes.
 
Målgruppe for konferansen  er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivå, PPT og høgskoletilsette.
 
- Den revidert rammeplanen, som er ei forskrift til barnehagelova, omhandlar  innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Målet med rammeplanen er å gi styraren, dei pedagogiske leiarane og personalet elles, ei forpliktande ramme for å planlegge, gjennomføre og vurdere verksemda til barnehagen.  Rammeplanen gir og informasjon til foreldra, eigarane og tilsynsmyndigheiter, fortel rådgivar Maren Ørjasæter Aaland, Møre og Romsdal fylke.
 
Under  konferansen deltar førstelektor Ingeborg Tveter Thoresen , Høgskolen i Vestfold, førsteamanuensis Ivar Selmer-Olsen, Dronning Mauds Minne Høgskole for førskolelærarutdanning i Trondheim, høgskolelektor Eva Steinkjer, Dronning Mauds Minne og  høgskolelektor Ninni Sandvik, Høgskolen i Østfold.

Del på: