– Rimelege kompetansekrav for ny lærarutdanning
Dei nye krava for å få godkjent grunnskulelærarutdanning er i ferd med å kome på plass. I første omgang vil dei vanlege krava for masterutdanning gjelde også for utdanning som grunnskulelærar. Dette kom fram på eit møte arrangert av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga), 16. februar.
Høgskulen i Volda må no bestemme seg for kva fag Volda ønskjer å tilby studentane i grunnskulelærarutdanningane (1.-7.klasse og 5.-10.klasse). Dette blir utgangspunkt for søknad om akkreditering frå NOKUT.
Dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning vurderer det slik at kompetansekrava ligg innanfor det som er rimeleg at Høgskulen i Volda kan nå. – På nokre fag er vi på plass. I eit sentralt fag som matematikk manglar vi i dag toppkompetanse, seier Myklebust.
Fleire høgskular i landet lyser i desse dagar ut ei rekkje ledige stillingar blant anna i matematikk for å få nok tilsette til å møte dei nye krava.
Søknader frå høgskulen skal sendast NOKUT innan 15. september 2016 og godkjenninga må vere på plass innan 31. januar 2017.
– Det er framleis mykje som er uavklara når det gjeld krava til ny lærarutdanning, så det er ei mellombels løysing når NOKUT vel å bruke dei vanlege krava for masterutdanning også på den nye femårige lærarutdanninga, seier Arne Myklebust.
Frå før har Høgskulen i Volda seks mastergradsutdanningar, blant anna i undervisning og læring. Høgskulen har også eitt doktorgradsstudium i helse- og sosialfag i lag med Høgskulen i Molde.