Skal gjere barnehagestyrarar betre rusta for framtida

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

58474546fefea9d8b20cca064fb1a310
Roar Amdam (f.v.), Gerd Sylvi Steinnes, Maren Ørjasæter Aaland og Arne Myklebust legg til rette for at barnehagestyrarar skal få auka kompetansen sin. 

Behovet for økt kompetanse hos barnehagestyrarar er tydeleg. Kommunane Ålesund, Haram, Sykkylven, Skodje, Stranda, Norddal, Sula, Ørskog, Stordal, Sandøy og Giske har gått saman og etterspurd ei vidareutdanning. I konkurranse med Høgskulen i Sogn og Fjordane og BI har Høgskulen i Volda (HVO) fått tilslaget om å tilby det nye studiet, som tek til frå hausten 2016.

Samhandling med samfunnet

Gjennomføringa av det vil vere et samarbeid mellom Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda. Mange tilsette med ulik fagbakgrunn skal bidra til at deltakarane får ein solid pakke.

– Vi vil få styrarane til å reflektere over rolla dei har. I dag får dei mange styringssignal ovanfrå – utanfor barnehagen – som dei må omsette til ein fornuftig praksis i sin eigen barnehage. Styrarane skal få ei forståing for korleis dei på en best mogleg måte kan samhandle godt med resten av samfunnet. I enkelte situasjonar er til dømes både barnevern, helsevesen og andre instansar inne. Eit anna døme er presset ein får når enkelte ser tilbake på barnehagetida for å finne grunnar til at ungdom sluttar i vidaregåande skule, seier professor i planlegging og leiing ved HVO, Roar Amdam og førsteamanuensis i pedagogikk ved HVO, Gerd Sylvi Steinnes.

Framtidsretta

Etter- og vidareutdanningskoordinator ved HVO, Maren Ørjasæter Aaland, har vore med i planleggingsarbeidet bak det nye studiet.

– Vi skal gi ei utdanning som svarar til dei leiarutfordringane ein vil møte på i framtida. I dag går nesten alle barn i barnehage og vi har fått eit stort mangfald i samfunnet vårt dei siste åra. Barnehagen er ein del av utdanningsløpet og er ein viktig arena for leik, læring og danning. Ein skal sjå og gje alle  barn gode utviklings- og aktivitetsmuligheiter, seier Ørjasæter Aaland, og legg til:

– Leiing er eit viktig element i endrings- og utviklingsorienterte barnehagar. Denne utdanninga vil gje styrarane ny kunnskap om leiing og dei vil bli styrka i utøving av leiarrolla.

Vil vere ein sentral aktør

I tillegg til det som allereie er nemnd vil også juridiske problemstillingar, innovasjon og styraren som formidlar og samtalepartner verte sentrale tema.

Vidareutdanninga er på masternivå, samlingsbasert og opptakskravet er barnehagelærarutdanning. Den går over eitt og eit halvt år og tel 30 studiepoeng. Det vart lagt opp til totalt 7 samlingar, som alle vert heldt i Ålesund, over 16 dagar. Det vil verte tatt opp rundt 30 studentar, men ved stor interesse kan det verte 40.

– Vi er glad for at kommunane har tatt dette initiativet. Dei brenn for betre kvalitet i barnehagane sine, og gode styrarar er viktig for vidareutvikling av barnehagekvaliteten. Det er inspirerande for oss som høgskule at dei etterspør eit slikt tilbod, og vi ser for oss dette som eit tilbod for framtida, seier Ørjasæter Aaland.

At HVO skulle få oppdraget var ikkje gitt. Når det vart slik, set ein stor pris på det ved høgskulen.

– Vi er godt nøgd med å få dette oppdraget og vere ein del av samspelet med barnehagane i regionen. Vi ønskjer å vere ein sentral aktør i kompetanseutviklinga i barnehagar og skular på Sunnmøre, seier dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO, Arne Myklebust.

pressefoto

Roar Amdam, Gerd Sylvi Steinnes, Maren Ørjasæter Aaland og Arne Myklebust

Del på