Skiglede i barnehagelærarutdanninga

Tekst: Eli-Karin Sjåstad Åsebø

- Oppdatert

1e275d583674001c4475d52660f60d9cBallongsprekker´n med ski utan stavar. Foto: Martyna Dymek.

I emnet natur, helse og rørsle har vi i samband med temaet barn og snø jobba med korleis ein kan legge til rette for vinteraktivitetar og startopplæring på ski i barnehagen. I grupper fekk studentane øve seg på å planlegge, tilrettelegge og gjennomføre aktivitetar i snø utan ski og med ski. I etterkant av kvart gruppearbeid hadde vi gode didaktiske refleksjonar kring dei ulike aktivitetane og tilrettelegginga av desse.

I undervisninga har studentane mellom anna hatt om sikkerheit med barn på tur om vinteren, val av skiutstyr for barn, vinterbekledning og startopplæring på ski. Rett utstyr kan vere ein sentral faktor for korleis ein opplever skituren og for gleda av å leike på ski. Med det meinar eg at utstyret bør vere tilpassa det enkelte barnet. I tilrettelegginga har vi retta søkjelyset mot eigenskapar som balanse, framdrift, sving (retningsendringar), start og stopp gjennom ei leikprega tilnærming der terrenget underviser. Når ein går på ski tek ein i bruk alle sansane. Det stiller store krav til barnet sine koordinative eigenskapar som tilpassa kraft, balanse, rytme, romorientering, reaksjonsevne, auge-hand- og auge-for koordinasjon. Gjennom val av øvingar, leikar, organisering og terreng kan ein tilrettelegge for at barna får øve opp dei grunnleggjande skiferdigheitene sine på ein leikprega måte.

2760c7343f2f8325ff85e65c27c36567Portalløype. Foto: Eli-Karin Sjåstad Åsebø.

Studentane har mellom anna reflektert kring betydninga av aktive rollemodellar, som er gode forbilde og «støttande stillas» for barna når dei skal lære seg å gå på ski. Felles kroppslege og rørslemessige erfaringar og opplevingar i vinterlandskapet er mellom anna viktig for å styrkje dei sosiale relasjonane mellom barn og vaksne. Derfor har vi lagt stor vekt på at studentane sjølve skal vere aktive, denne erfaringa vonar vi dei tek med seg vidare inn i arbeidet i barnehagen. 

80b87a338d837a7a4f78380abc5aaff4
Kast på boks. Foto: Eli-Karin Sjåstad Åsebø.

Del på