Snart ferdig utdanna førskulelærarar!
Det er siste gongen 3. års studentane er samla til felles undervisning her i Volda. Dei er mellom 35-40 studentar i klassa, og mange har alt fått seg jobb. 19 juni kan dei offisielt kalle seg førskulelærarar – men før den tid ventar eit par eksamenar!
Dei kommande førskulelærarane er i dag på undervisning i IKT i barnehagen, der dei har testa og vurdert ulike spel. Dei ser då på kor vidt spela egner seg til bruk i barnehagen og vanskegrad. Ein viktig del av læringa er å vere bevisste på kva borna lærer gjennom leik.
Godt klassemiljø
Studentane gler seg til å bli ferdige. Det har vore tre arbeidskrevjande år, men ingen av dei angrar på utdanningsvalet. Diskusjonen går laust om korleis det er å studere til førskulelærar. Dei er samde om at Volda er ein bra stad å studere, og at den gode variasjonen mellom praksis og teori har gjort studiet så bra.¨
- Det beste har vore klassa, ropar et par stykke.
- Og alle jentene, seier den einaste guten i flokken med eit smil.
Headhunta
Studentane vil oppfordre andre til å velje denne utdanningsvegen. Fleire har alt fått jobb, og til områda Sunde og Fosnavåg har fleire av studentane blitt headhunta. Det er ikkje vanskeleg å få seg arbeid som førskulelærar, men studentane seier at her i Volda er marknaden nok så metta, og oppfordrar styrarane til å få auga opp for idérike nyutdanna.
Om lag 12 studentar har pendla til Volda for å ta utdanning, og seier at opplegget har vore fleksibelt. 19. juni er siste eksamen, så no ventar ei tid med eksamensførebuing.
Her kan du lese meir om Førskulelærarutdanninga.
Klassebilete av 3. års førskulelærarstudentar som snart er ferdig utdanna.