Spanande prosjekt mellom Nairobi og Volda

Tekst: Webmaster Volda

Frå norsk side skal tiltaket gjennomførast i hausthalvåret 2006 av ein felles delegasjon frå Høgskulen i Volda og Merkesteinane i nært samarbeid med MYSA, som er ein ungdomsorganisasjon i Mathare, Kenya.

Etter at forundersøkinga er utført vil Høgskulen og Merkesteinane ta imot representantar frå organisasjonane Child Welfare Society of Kenya (CWSK) og MYSA her i Volda.

Kunnskap om arbeid med funksjonshemma
Der er eit tosidig mål for vitjinga i Noreg, opplyser Cecilie Wilhelmsen ved internasjonalt kontor, Høgskulen i Volda.
- Det første er at studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda og gruppa Merkesteinane skal få tilført nyttig kunnskap i arbeid med funksjonshemma i Kenya. Men i tillegg skal dei kenyanske samarbeidspartane verte kjende med norske måtar å arbeide på blant desse gruppene.
 
Initiativtakarar og sentrale personar i prosjektet er Jostein Bjørdal, Øyvind Lied og Ludvig Flåskjær frå Merkesteinane, og Cecilie Wilhelmsen frå internasjonalt kontor ved Høgskulen. Prosjektleiar er Ingunn Klepp, høgskulelektor på Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. 

Les meir om Merkesteinane
Les meir om MYSA

Del på