Spørjeundersøking for HVO-studentar haust -06

- Det vart i dag sendt ut ei spørjeundersøking til ca 600 studentar på ulike studium ved Høgskulen i Volda som eit ledd i å betre sørvis og informasjon i studentmottaket, seier informasjonsleiar Per Arne Brandal.

Spørjeundersøkinga vart sendt ut på e-post til utvalde studentar.

- Det er svært viktig for oss at du tek deg tid til å svare på desse spørsmåla, slik at vi kan yte betre informasjon og sørvis fram mot studiestart, seier informasjonsleiar Per Arne Brandal ved Høgskulen i Volda. 

Høgskulen har i år gjennomført mange nye kommunikasjonstiltak mot nye studentar og spørjeundersøkinga vil vere med på å avklare om desse tiltaka har fungert tilfredstillande, seier Brandal.

Gåvekort
Alle studentar som svarar på spørjeundersøkinga vil dessutan vere med i trekninga på 5 gåvekort à kr. 500,-. Gåvekorta kan brukast i kantina, bokhandel, Rokken eller andre tilbod ved  Studentsamskipnaden.

Andre spørjeundersøkingar
Informasjonskontoret vil også i år gjennomføre ei rekrutteringsundersøking i regi av Studentbarometer i Bergen. Dette er ei undersøking som også blir gjennomført ved omlag 15 andre høgskular.

- Denne undersøkinga dekkjer heile "søkjarvegen" frå studieiformasjon til innføringsveka, seier Brandal.

I tillegg har informasjonskontoret gjennomført ei spørjeundersøking blant dei nye allmennlærarstudentane ved HVO. Ei sentralt spørsmål i denne er kvifor ein valde lærarutdanning nettopp i Volda.

Del på: