Språkstimulering <br>– om bruk av nynorske tekster i førskulen og på barnetrinnet

Torsdag 17. april 2008 er det tid for konferansen Språkstimulering i Bergen. - Frå ulike innfallsvinklar skal fagfolk og forfattarar ta føre seg korleis born kan ta dei første stega inn i den nynorske skrifta, melder Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Førebels er desse innleiarane stadfeste:

Anne Høigård, førstelektor ved Universitetet i Stavanger. Høigard har mellom anna skrive Barns språkutvikling: muntlig og skriftlig.

Rune Belsvik, forfattar. Belsvik har skrive fleire kjende barnebøker, mellom anna dei klassiske bøkene om Dustefjerten.

Lila Moberg, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Moberg har fått nynorsk fagbokpris for 2007, og arbeider med kreativ bruk av IKT for små born.

Lise Lunde Nilsen, lektor ved Våland skole i Stavanger. Nilsen driv prosjektet Haugtussa som barnelitteratur. I prosjektet har ho arbeidd med korleis elevar med bokmål som hovudmål tidleg kan ta i bruk nynorsk litteratur.

Ingjerd Traavik, høgskulelektor ved Høskulen i Volda. Traavik er aktuell med boka Innføring i bildeanalyse – med Fam Ekman inn i bildeboka.

Del på: