Stor søknad til nytt studium ved Høgskulen i Volda/DMMH

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Søkjarane kjem i hovudsak frå Møre og Romsdal og Sør Trøndelag. I tillegg er det søkjarar frå andre fylke. Det at vi får søkjarar frå eit så vidt område, gjer det ekstra spennande å setje i gang dette studiet. Studentar med erfaring frå ulike barnehagar får samarbeide med kvarandre gjennom fem samlingar hausten 2007 og våren 2008.

Studiet er ein del av regjeringa si satsing Barnehageløftet, ei kompetanseheving av personalet i barnehagane. Hovudsiktemålet med studiet ved HVO/DMMH er livslang læring og barnehagen som lærande organisasjon. Studentane skal mellom anna utvikle kompetanse i å leie, planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere utviklingsarbeid i barnehagen.

I studiet vert det pedagogiske innhaldet knytt til fem fokusområde:
      1. Barnefokuset
      2. Samfunnsmandatet
      3. Implementering av Rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen
      4. Dokumentasjonsprosessar
      5. Barnehagen som lærande organisasjon

- Med eitt unntak er det første gong Høgskulen i Volda, avdeling for lærarutdanning, samarbeider med Dronning Mauds Minne Høgskole. Utviklinga av det faglege innhaldet i studiet har vore eit utfordrande og spennande samarbeid, og vi gler oss til å setje i gang studiet til hausten, seier Vatne.

Les meir om studiet

Del på