Studentane tok tempen på politikarane

I går var Rokken omgjort til TV-studio og listetoppane frå dei største partia i fylke debatterte trasé for E39, skulepolitikk og kommuneøkonomi. Produksjonen var eit godt gjennomført samarbeid av studentar frå fire forskjellige linjer ved høgskulen.

f5a9159b60b22b7f83e88687650385abbc584996
Frå venstre: Ingrid Opedal (SV), Fredric Bjørdal Holen (Ap), Jenny Klinge (Sp), programleiarane Marte Pritzlaff og Andreas Meier Eide, Pål Farstad (V), Rigmor Andersen Eide (KrF), Arnulf Goksøyr (H) og Oskar Grimstad (FrP). 


Studentar frå Journalistikk, Media, IKT og design, Animasjon og Faglærarutdanninga i formgiving, kunst og handverk var alle involverte i produksjonen kring Folkemøte 2013.

Folkemøte var leia av journalistikkstudentane Marte Pritzlaff og Andreas Meier Eide. Kulissene og talarstolane var laga av faglærarstudentane. Folkemøte blei direktesendt på nernett.no og smp.no, og var MID-studentane sin første fleirkameraproduksjon.

Les meir om folkemøte:

Nærnett

Hvem kom best ut av kveldens debatt?

Hårsåre lærere og enveisbilletter til ROBEK

Sunnmørsposten

Slik var folkemøtet i Volda

Kommentar: Trassa partileiaren

Del på: