Studentar live-streamer legofinalen i Bergen laurdag

- No førebur vi ei prøvesending slik at vi kan øve oss før fjernsynssendinga, fortel studentane Richard Engan og Annette Karlsen. Dei er to av 2.-årsstudentane ved Bachelor i Media, IKT og Design som skal dokumentere First Lego League i Bergen til helga.

roborbil

- Vi brukar denne radiobilen for å simulere korleis filminga må gå føre seg, fortel Richard Engan bak kameraet og Annette Karlsen som konsentrerer seg om å styra radiobilen.

live


- Eg trur at vil funke, men ein veit aldri om datamaskina plutseleg berre streikar, smiler Ida Aas og Carl Jørgen Nesset. Dei skal styre den levande overføringa.

- Fjernsynssendinga inneber at kampane viser på storskjerm i lokalet og vert streama ut på Internett i 2 variantar, ein for breidband og ein for ISDN-linje.
- For å gjera dette, vil vi byggja opp eit fjernsynsstudio i konkurranselokale, med 6 kamera, miksepult og ei rekkje PC’ar, mellom anna for å kunna registrera/visa resultat og visa presentasjon av dei 36 laga etter råkes.
- Vi forventar at vi vil laga ei 6 timars sending, fortel dei entusiastiske studentane.

Robotprogrammering
- I tillegg til denne praktiske "svenneprøven" vil studentane også læra programmera ROBOLAB-bilen for å få innsikt i konseptet som læringsverktøy og for betre å forstå kva som ligg bak for borna/ungdommane som deltar i konkurransen.

Sendinga er ei praktisk oppgåve innanfor eit emne i IKT og læring, og dette er andre året MID-studentane er i Bergen for å dokumentere den skandinaviske finalen, som du kan sjå på Hjernekraft.org og FirstScandinavia.org.

>> Laurdag 27.11 vert sendinga kringkasta live på http://fll.netpower.no/

rot

Del på: