Styrte ungdomsskulen på eiga hand

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

3ac7098083e953149f8841b402b57c40
Tonje Nordrum og Peter Smørdal har fungert som rektorar på Ørsta Ungdomsskule i veke.

– Det går bra, både vi og elevane har overlevd og skulen står, opnar Tonje Nordrum smått humoristisk med når vi spør korleis det har gått med grunnskulelærarstudentane når dei skulle ha ansvaret for ein heil ungdomsskule ei veke.

Mykje å passe på

Medan lærarane ved Ørsta ungdomsskule har vore bortreist og fått faglege oppdateringar, tok tredjeårsstudentane – ispedd nokre som går fjerdeåret – på grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO) på seg ansvaret med å drifte skulen. Det innebar alt frå rektoroppgåvene, til undervisning i alle timane og halde ro og orden i friminutta.

Medan medstudentane spring rundt og forbereder seg til time, tek Nordrum og Smørdal imot oss på rektors kontor der dei har som ansvar å halde i alle trådane gjennom heile veka. Duoen danna leiarteamet som har rektors oppgåver.

– Det har vore ei utrolig spennande veke, lærerikt og utfordrande på mange måtar. Vi skal passe på kollegiet på 60 studentar, og det vert ganske mykje å halde kontroll på. Det er vaktlister, vi skal leie morgonmøte, planlegge ettermiddagsmøte, støtte opp om medstudentane våre og finne vikarar for dei som er sjuke, rekk Smørdal å fortelje før det bankar på døra og ei heilt anna oppgåve må løysast.

3e60b4e23111e2bbb34f07890689bcdc
Nordrum og Smørdal orienterar under morgonmøtet.

Veks på utfordringa

Skuleovertakinga er veka i midten av ein praksisperiode på tre veker for studentane. Den første veka er dei på den same skulen som dei skal overtaking, og det same med den siste der dei også har ansvaret for det meste av undervisning – forskjellen er bare at dei tilsette lærarane ved skulen er tilbake igjen. I tillegg har studentane hat ein tre veker lang praksisperiode på hausten der dei også har fått blitt kjend med skulen og klassa dei er inne i.

9a71fdc23f1f543877af316f2d66679d

– I tillegg har dei vore med på foreldremøter, brannøving og førstehjelpskurs i forkant. Det er heilt nødvendig for at dette skal kunne gå, seier Oddvar Aalde, studieleiar for grunnskulelærarutdanningane ved HVO.

Skuleovertakinga er ein tradisjon ein har hatt i mange år ved HVO, og som vert godt tatt imot av studentane, ifølgje Aalde.

– Det fungerer veldig bra, studentane veks på oppgåvene, dei tek ansvar, det er god stemning og lave skuldrer. Studentane sett pris på at det følast meir reelt under slik veke.

Elevane i fokus

Det svaret vil Nordrum og Smørdal på ekte lærarvis sette to strek under. At dei to har leia sine eigne klassekameratar har ikkje vore noko problem.

– Dei har teke kontakt med oss og vi har hatt ein fin dialog. Saman har vi løyst utfordringane som har oppstått. Studentane har stått på og tatt ekstra ansvar for at den uka her skulle ha gått så smertefritt som mogleg – og då har vi fått til målet: at elevane ved skulen får den undervisninga dei skal ha, seier leiarduoen.

Sjølv om elevane merkar at dei vante lærarane ikkje har vore til stades, har elevane gitt uttrykk for at det har gått bra og at det har vore kjekt med ein litt annan skulekvardag med studentar som ansvarlege lærarar. Studentane har vore sett saman i praksisgrupper på tre-fem, der dei har hatt ansvaret for kvar si klasse og fordelt timane mellom seg. I tillegg har dei observert kvarandre og gitt tilbakemeldingar. Det har dei også fått frå fagtilsette ved HVO som har vore innom, medan Aalde og Ivar Hagen, rådgjevar ved grunnskulelærarutdanninga, har vore til stades ved skulen heile veka.

Luktar på rektorkarriere

Tilbake sit elevane med ei litt annleis skuleveke og studentane med mykje lærdom:

– Eg vil arbeide nokon år som lærar, før eg eventuelt verte rektor. Men eg har fått meir lyst til det etter denne veka. Eg trudde ikkje ein rektor hadde så mykje elevkontakt, men det har eg fått sett at ikkje stemmer no, seier Nordrum, før kompanjong Smørdal tek over:

– Med å ta på meg ei slik leiarrolle var eg ute etter å sjå skuleorganisasjonen på ein ny måte, og det har eg absolutt fått. Eg var klar for nye utfordringar og dette er den beste praksisperioden eg har hatt. Det freistar å ta leiarutdanning og verte rektor.

I tillegg til skuleovertakinga på Ørsta Ungdomsskule har også studentar frå HVO hatt ansvaret for Sæbø skule denne veka, med akkurat det same opplegget. 

Del på