Symfonien er 60 år og rektor inviterer til lunsjkonsert

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av: Linda Merete Lie

Høgskulen i Volda er den einaste i landet som har hatt eige symfoniorkester i så mange år. Søndag hald Symfoniorkesteret jubileumskonsert i stor stil. For at feiringa skal vere tilgjengelig for flest mogleg vil dei halde ein minikonsert i kantina på Berte Kanutte-huset torsdag kl 11.30. Jørgen Amdam er stolt av å kunne presentere det han kallar ei samfunnsinstitusjon.

- Symfoniorkesteret er eit flott samarbeid mellom Høgskulen og lokalsamfunnet. Eg har lytta mykje til musikken deira og er imponert over kva dei har klart å produsere i åras løp.

Rektor spanderar kake og oppmodar alle om å delta i feiringa.

Torsdagens minikonsert er eit utdrag frå sjølve konserten som også vart arrangert på Berte Kanutte-huset søndag kl 19.30. I tillegg til solistinnslag vil orkesteret vise stor spennvidde frå Vivaldi til Magnar Åm. Jørgen Amdam har då ei overrasking på lur, men denne er hemmeleg fram til søndag.


Onsdag kl. 11.30 vil også høgskulekoret halde ein minikonsert i kantina på Berte Kanutte-huset. Publikum vil då få ein forsmak på "Messias", det store verket som koret/orkester/solistar skal framføre i Volda kyrkje 1. og 2. desember

Del på