Symfoniorkesteret 60 år i 2007: - Svært mykje idealisme

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Som einaste høgare læringsinstitusjon i landet, kan Høgskulen i Volda skilte med eit vitalt og levande symfoniorkester som tilbod for musikkstudentane. Heilt sidan 1947 har orkesteret vore i kontinuerleg drift, og på Høgskulen er det framleis to ringrevar som òg er i drift. Nils Ose (67) og Helge Hamsaas (63) har begge vore med i orkesteret i lange tider; Ose sidan 1958, og Hamsaas sidan 1962.

- 60 år er vel ikkje så svært som 50, men dette skal markerast og det vert nok til hausten, seier Hamsaas litt smålåte først.

Så kjem han inn på dei store planane orkesteret har for det nye året.

- Vi har sjølvsagt Nyttårskonserten 13. og 14. januar, og 17.mai-konserten. Men så har vi eit kjempeprosjekt i samarbeid med Ålesund symfoniorkester. Vi skal blant anna ta for oss Mahlers symfoni nr. 1, Titan, og dette er vel noko av det mest ambisiøse som er vorte gjort. Dette kjem til å ligge i øvste skuffa, seier Hamsaas.

helge_hamsaas

Høgskulelærar Helge Hamsaas med dirigentpinnen. Han har dirigert sidan 1975, men er glad for at dirigentansvaret no er delt opp i prosjektbolkar, i staden for årseiningar som det var tidlegare. Nils Ose har dirigert sidan 1970, og dei siste ti åra er det han, Hamsaas, Bård Dahle, Leif Barmen, og Harald Eikås som har delt på jobben.

Viktig med a-moll

17.mai-konserten feirar òg eit lite jubileum neste år. Då held nemleg symfoniorkesteret konsert for tjuande gongen på nasjonaldagen vår.

- Første gongen var i 1987, og då vart det ein slik suksess at det måtte gjerast neste år òg, seier Nils. Konserten vart snøgt eit viktig element for voldingane, og særleg det at ein hadde Grieg sin pianokonsert i a-moll med innleidde solistar.

Den var faktisk så viktig at det vart ramaskrik i 1991 då konserten vart teken vekk frå programmet, fortel Ose.

- Poenget i denne samanhengen er det faste samarbeidet ein har hatt med profesjonelle musikarar. Det er ganske unikt. Vi har hatt kremen av det meste, og at orkesteret har makta det, altså, seier Hamsaas.

Kvaliteten på orkesteret har dessutan vore på eit slik nivå at det har vorte lagt merke til. Ein innlysande indikator på det, er at ein stadig får brev frå studentar ved Musikkhøgskolen i Oslo, som vil nytte seg av orkesteret på eksamenane sine.

- Men vi vel solistane våre sjølve til 17. mai-konserten, altså, understrekar Hamsaas.

- Har det vore stor utvikling i orkesteret?

- Ja, det har vore ei stor utvikling, det er klart. Det har vore litt slalåm, med toppar og botnar. Det avheng litt av kor mange studentar som har vore med. Men orkesteret har vel aldri vore i så god trim som det er no, seier Nils.

 

Fostra mange profesjonelle

Men symfoniorkesteret har ikkje berre hatt profesjonelle på besøk; det har òg fostra mange profesjonelle musikarar. Nokre personar som har gått den vegen er til dømes Sigyn Birkeland, Kåre Magnar Hagen, Stig Ose, Sigmund Eikeset, Otto Ose, og Agnete Teige. Ein må dessutan legge til distriktsmusikarane.

- Som orkesterskule har det nok vore ein fantastisk praksis, seier Nils.

- Men det er òg viktig å få fram orkesteret sin funksjon som utstillingsvindauge for den tidlegare lærarskulen, no Høgskulen i Volda.

Ein fann tidleg ut at ein også måtte fostre musikarar nedanfrå, og ein av grunnane til at Volda/Ørsta interkommunale musikkskule vart etablert kring 1960, var at ein måtte ha god rekruttering til orkesteret. Og det var nett denne typen instrumentering vekta vart lagt på i musikkskulen.

- Det viktige her var at Volda og Ørsta gjekk saman, og fekk etablert tre nivå. Det var unikt. Ein fekk aspirant-, junior, og ungdomsnivå. Det var krefter frå symfoniorkesteret som var med å drive og instruere der, seier Hamsaas, og trekkjer fram Knut Ose, bror til Nils, som faktisk har vore med endå lengre enn dei to høgskulelærarane. Han slår Nils med eitt år, og har dermed vore med i heile 50 år i det komande året.

nils_helge_knut2

Tre ringrevar i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Frå venstre: Nils Ose, Helge Hamsaas, og Knut Ose. Hamsaas og Ose har vore med sidan 1962- og -58, medan Knut Ose har vore med sidan 1957. Dermed feirar han 50årsjubileeum neste år.

34 kroner timen

- Kor mykje idealisme er det som ligg i dette?

- Nei, det er mykje, seier Nils først.

- Viss vi skulle tenkje timar, så måtte vi ha slutta tidleg, seier han.

Helge forklarer at musikkseksjonen opp gjennom tidene har fått pengar for eit visst tal timar, og at det som er til overs av dette går til godtgjersle. Han har rekna litt på det, og har funne ut timeløna har lagt på om lag 34 kroner timen.

- Men det som er bra er at orkesteret har fritt øvingslokale, og i nyare tid har ein fått tilskot til å leige inn musikarar og til spesielle instrument som paukar og andre større instrument, seier Hamsaas.

- Korleis har oppslutnaden frå publikum vore?

- Litt opp og ned. Men både Nyttårskonserten og 17. mai-konserten trekkjer jo fulle hus, seier Nils.

- Vi har eit trufast publikum, slår Helge fast.

- Og så er vi lure: Vi samarbeider med ballettskulen blant anna, og får på denne måten publikum frå heile regionen, seier han.

fiolinseksjon

Fiolinseksjonen i orkesteret.

 

Ein livsstil

- Det har vorte ein livsstil. Ein har jo gått her og vasa, seier Nils om alle åra som er gått.

Helge må nesten le når han tenkjer på det engasjementet ein har sett hos dei lokale folka.

- Det er nokon som har vore her på kvar einaste øving, altså. Folk frå Vartdal som har vore tidleg ute på kvar øving, medan vi som har budd i Volda har kome litt seinare, seier han og ler. Han minnest særskild biletet av ein nedfrosen Magnar Melle på motorsykkel vinterstid. Nils hugsar òg korleis han sat bakpå mopeden med nokon og ein svær kontrabass på ryggen.

- Eg er litt kry av at vi har klart å halde det gåande alle desse åra, seier Nils.

Og kvar haust er det spennande å sjå kor mange som er her, og kven det er. Orkesteret er i stor grad avhengig av studentar.

- Men hadde det ikkje vore for dei lokale krumtappane, så hadde det ikkje vorte kontinuitet i orkesteret, seier Helge.

Del på