Tredje mastergrada i anmarsj ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dette er ei svært gledeleg melding for høgskulen, kommenterer også rektor Gunnar Stave. Denne mastergrada vil representere eit svært viktig område for høgskulen, og har mykje å seie for høgskulen si utvikling, meinar han.

- Høgskulen sine eigne fagfolk ved Avdeling for lærarutdanning, har lagt ned eit omfattande arbeid i utviklinga av studieplanane, legg rektoren nøgd til.

Stor interesse for studiet

- Ein fagkomité knytt til NOKUT konkluderte med at det omsøkte studiet hadde eit tilstrekkeleg høgt nivå og ein slik kvalitet at det svara til dei krav som vert stilte til ei mastergrad av to års lengde, forklarar dekanus Anne Øie.

Høgskulen vil no formelt søkje Utdannings- og forskingsdepartementet for å etablere studiet, som vekkjer stor interesse også utanfor høgskulemiljøet.

- Heile regionen har venta på dette studiet, fortel dekanus Øie. Vi har arbeidd tett saman med Fylkesmannen i Møre og Romsdal før alle bitane fall på plass.

- Også Statsråd Kristin Clemet uttrykte stor glede over det nye studiet og miljøet etter ei vitjing i Volda tidlegare denne veka, fortalde Øie til slutt.

1070528200

Del på