Varme klangar og sterke kjensler i Kaarstad-huset

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ragnh_eng_520

Ragnhild Engeset (midten av bilete ovanfor) (mezzosopran) er lektor i musikk ved lærarutdanninga. Bjørnar Myhr (klavér) er ditriktsmusikar i Møre og Romsdal og arbeider også som pianolærar på musikkstudia ved Høgskulen. Heidrun Ose spelar bratsj og arbeider  til dagleg som jordmor. Ho har vore bratsjist i Symfoniorkestert ved Høgskulen i ei årrekkje.

Konserten opnar med  ei avdeling med musikk av Robert Schumann og Johannes Brahms.
Vi får høyre eit knippe av Schumann sine mest kjende lieder, mellom anna ”Im wunderschönen Monat Mai” og ”Der Nussbaum”.  Den særeigne, varme  bratsjklangen kjem til sin rett i utdrag frå Schumanns ”Märchen-bilder” (”Eventyrbilete”) for bratsj og klavér.
Dei tre musikarane vil saman framføre eitt av Johannes Brahms sine vakraste verk:
”Zwei Gesänge” op. 91 for alt, bratsj og klavér.

Ragnhild Engeset og Bjørnar Myhr vil i ei eiga avdeling framføre mange av dei mest kjende songane til den finske komponisten Jean Sibelius.
I songane sine nyttar Sibelius tekstar av mellom anna J. Runeberg, G. Fröding og Z. Topelius, tekstar som ikkje sjeldan fortel om dramatiske hendingar og formidlar sterke kjensler.
Av desse får vi på konserten mellom anna høyre ”Svarta Rosor”, ”Säf, säf, susa” og ”Flickan kom ifrån sin älsklings möte”. Vi får også høyre ein meir sprudlande og humoristisk Sibelius i  lysare songar som ”Blåsippan” ,”Vilse” og ”Lastu lainehilla”.


Tid og stad:
Torsdag 2.juni kl. 19.30 i aulaen i Kaarstad-huset
Bill.: Kr. 70,-   Stud./barn: gratis

Del på