Vidareutdanning i spesialpedagogikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Utgangspunktet for denne vidareutdanninga er mastergradsstudiet i Spesialpedagogikk. Ein opplevde at ikkje alle studentane tenkjer å gå heile løpet i eit masterstudium, og instituttet har derfor laga eit meir fleksibelt tilbod.

- Det er mange som ønskjer å ha kompetanse innanfor eit område som kan hjelpe i praksis. Denne vidareutdanninga kan tilpassast mange livssituasjonar, og vi ønskte å kunne imøtekomme ulike behov. Dersom ein vil å halde fram etter fullført vidareutdanning kan ein sjølvsagt gå over på masterprogrammet, seier Grete Dalhaug Berg.

Aktuell for fleire

Med dette studietilbodet er terskelen lågare for dei som ynskjer kompetanse innanfor spesialpedagogikk. Opplegget er det same som på mastergradsstudiet, men ein har ikkje vitskapsteori, forskingsmetode og masteroppgåve. Det er krevjande studium som krev høg motivasjon og god tid. Vidareutdanninga er på 4 emne og til saman 60 studiepoeng. Som heiltidsstudent kan du ta studiet på eit år, eller på deltid over 2 år.

- Eg trur vidareutdanninga kan vere aktuell for fleire. Det er mange unge studentar som ynskjer meir kompetanse, men kvir seg for å ta mastergrad på grunn av lite arbeidserfaring. Då er denne vidareutdanninga eit godt alternativ, for ein kan seinare komme tilbake å fullføre ei mastergrad, seier Grete Dalhaug Berg.

IMG_8328_magasin

Studieprogramansvarleg Grete Dalhaug Berg, trur vidareutdanninga vert eit attraktivt studietilbod.

Fleksibel organisering

Grete Dalhaug Berg fortel at det har vore mange telefonar og forespørslar, og ho har inntrykk av at mange er interessert i denne type vidareutdanning. Spørsmåla er stort sett om kva type kompetanse ein får, kor mykje permisjon ein må rekne med, kor mange søkjarar og praktiske spørsmål.

- Vi hadde ei som ringte i frå Lofoten, som såg moglegheita å pendle til Volda. Vi har studentar frå heile landet, noko som er mogleg når organiseringa er fleksibel. Kvart emne har 5 samlingar over eit halvt år, der kvar samling varer i to dagar, måndag og tysdag. Vidareutdanninga kan også kombinerast med jobb, og eg trur det vil vere enklare å få permisjon for korte samlingar enn eit halvår. Vi har alt fastlagt samlingane for hausten, noko som er svært forutseieleg for dei som skal søkje permisjon. Det gjer det lettare å planlegge og er ein god måte å organisere på, seier Grete Dalhaug Berg. - Den typiske studenten for dette studiet er gjerne dei som nett er ferdig utdanna allmennlærar eller førskulelærar og er utan arbeidserfaring, eller godt vaksne som har arbeidd lenge i skule, PPT og barnehage og som ser behov for vidareutdanning. Vi skulle gjerne hatt fleire lærarar frå den vidaregåande skulen, for eg vil tru behovet er stort.

Også fleire menn er eit ynskje frå studieprogramansvarleg. Fagfeltet er kvinnedominert, og er gjerne eit resultat av at spesialpedagogikk tradisjonelt sett er kopla meir mot omsorg. Ved Høgskulen i Volda er ikkje spesialpedagogikkstudiet fokusert mot det tradisjonelle. Studiet si organisering og ideologi gjenspeglar ein annan tankegang som er meir systemretta og ikkje berre individfokusert. Emneinndelinga i studiet signaliserer at fokuset ikkje berre er på vanskar og problem.  Målet er at studentane skal finne forklaringsmodellar på samspelet mellom individ og fellesskap.

Stor forskingsaktivitet

Ved Institutt for pedagogikk er det stor forskingsaktivitet, noko som er ein fordel for studentane. Det gir tilgang til gode kjelder og forskingsmateriale, noko som er viktig for eit vellykka studie med gode resultat.

Del på