Yksnøya på radio førstkomande søndag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

nrk_yksn_520

- Søndag 5. feb. vil NRK vise ei reportasje frå friluftsbasen til Kroppsøvinsseksjonen ved Høgskulen i Volda på Yksnøya. Sendinga vil gå i programmet "Naturens Verden" klokka 09.00 i NRK P1, der Harald Yksnøy (t.v. på bilete) er eit av intervjuobjekta som programskapar Helse Søfteland (t.h.) har snakka med.

Harald Yksnøy sit på mykje kunnskap om naturen og rundt øya, samstundes som Nils Ola Skuset vil fortelje om friluftsliv og basen som er sett opp på Yksnøya.

Følg med på "Naturens Verden" og les meir om Yksnøya:


link_pil3Avduking av Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya
Sist veke markerte Avdeling for lærarutdanning Yksnøy-prosjektet og Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya ved Eika.
- Dette er ein stad der vi som studentar ved Høgskulen i Volda kan oppleve, studere og leve i naturen i kortare og lengre periodar – og det er herlig, kommenterte studentane ved Utefag.
Les meir - ..

link_pil3Offisiell opning av basen på Yksnøya
Yksnøya ligg idyllisk til i ein skjergard mellom det opne havet og fjordarmar som kløyver det alpine landskapet innafor. Høgskulen sin stasjon på øya har i 25 år vore eit perfekt utgangspunkt for undervisning og friluftsliv. Den nye stasjonen på øya vert offisielt opna 3. mai.
Les meir - ..

link_pil3Friluftsliv på Yksnøya
I ein lun og fredeleg skjergard mellom det opne havet og fjordar som kløyver det alpine landskapet innafor, ligg Yksnøya. I dette grensesprengjande klasserommet får studentane ved friluftsliv og kroppsøving måle krefter med sjø og fjell.
Les meir - ..

Del på