Animasjonsstudentane viser eksamensfilmar på fredag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

5642565f192a7f3fa2520980534e5a50099de775


— Vi gledar oss til fredag ettermiddag, for då får vi sjå bachelorprosjekta til animasjonsstudentane, fortel lærar Trygve Nielsen ved animasjonsutdanninga.

—  Visninga går føre seg i Berte Kanutte-huset, Vesle auditorium, fredag klokka 17.00.

Filmane som skal ha framsyning er "Saiva" av Tuva Synevåg, "Spurvs Verden" av Beatrice Trouilloud, "Kanskje Var Jeg..." av Anna M. Munch og "NHOR NHEM" av Ludvine Wagon.

Eksklusiv visning før filmane skal på filmfestivalar

—  Visninga er open for alle interesserte, og vi oppfordrar verkeleg folk til å få med seg dette.

På spørsmål om vi kunne legge ut nokre av filmane på HVO-veven, svara Nielsen at desse filmane er så pass spesielle, at dei førebels skal sparast for dei store publikuma. —  Vi ventar til dei har blitt vist på ulike festivalar og andre arrangement utover året.

Tidlegare har eksamensproduksjonane ved animasjonslinja hausta prisar, heider og ære verda over. Vi ventar ikkje noko mindre i år. Sjå tidlegare studentproduksjonar på www.hivolda.no/video


Del på