Endeleg verdspremiere på Radiokameratane

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: HVO

- Oppdatert

Kinofilmen Radiokameratane om Bygderadio Vest får uoffisiell verdspremiere i Fosnavåg og Volda 9. august. Produsent er André Folkestad i Herlig Film og TV. Folkestad er også høgskulelektor ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.


- Filmen har vore klar sidan i vår, så no gler vi oss veldig til at den endeleg kan visast for publikum, seier Folkestad. Det var han som fekk idéen til filmen for tre års sidan, då han litt tilfeldig fekk inn sendingane til Bygderadio Vest på den gamle FM-radioen han hadde i bilen, skriv Herlig Film og TV i ei pressemelding. Filmprodusenten, som også har lang radioerfaring frå NRK og P4, blei sjarmert av både programleiarane og sakene som blei tatt opp.

- Bygderadio Vest går mot radio-straumen på fleire måtar. Dei held framleis fast på sendingar på FM-nettet, inga sak er for lita eller stor, og sakene dei tek opp blir ofte bretta ut med så stor tyngde at sjølv NRK P2 ville gitt seg for lenge sidan, seier Folkestad.
- I tillegg er radioen eit resultat av eit enormt dugnadsarbeid som det står stor respekt av. Gratisarbeidet som blir lagt ned både i redaksjonen og rundt det tekniske gjer at Bygderadio Vest kan sende lokalt radioinnhald til alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.


Solid sunnmørsprosjekt

Ingrid Ese som er regissør for filmen har i to år pendla mellom Lillehammer og Søre Sunnmøre for å gjere filmopptaka til Radiokameratane, som har blitt eit solid sunnmørsprosjekt også på produksjonssida. Det er filmfotograf Tor Sivertstøl med adresse Larsnes som har jobba i to-spann med regissøren under opptaka. I tillegg står Olav Røyrhus Øyehaug bak musikken og Yngve Leidulv Sætre bak lydarbeidet, begge opprinneleg frå Ørsta.

Tre av profilane i Bygeradio Vest som vi blir godt kjent i filmen med er Øystein Bakke med adresse Volda, og Paul Sundnes og Olav Kvalsvik med adresse Herøy.
- Sjølve historia i filmen skildrar livet i den lokale radioen som strevar med økonomi, rekruttering og marknadsføring. Og det blir jo heller ikkje enklare når resten av radio-Norge går på DAB, og bygderadioen blir igjen einsam på FM-nettet, seier regissør Ingrid Ese. - Men i det store handlar filmen om godt kameratskap, og om å gjere ein gratis innsats som kjem mange andre til gode. Radiokameratane er ein feelgood-film med sjarmerande karakterar, og mykje humor og varme, seier Ese.
 

Offisiell premiere under BIFF

Filmen er eit samarbeid med blant andre Norsk Filminstitutt, Fritt Ord og NRK, og det er er laga både ein kino-versjon og ein tv-versjon av filmen. Først i oktober får filmen offisiell premiere då den skal visast under Bergen Internasjonale Filmfestival, BIFF. Etter festivalpremiera blir filmen tilgjengeleg for resten av kino-Norge, før tv-versjonen deretter får premiere på NRK.

(Pressemelding frå Herlig Film og TV)

Del på