Grip sjansen og bli Volda-student

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: Marius Beck Dahle

Frå 20. juli kan du søkje på dei siste ledige studieplassane for hausten. Rakk du ikkje søknadsfristen i april, har du sjansen igjen no til å bli student i vakre Volda!

Alle som søkte på eit studium gjennom Samordna opptak i vår, har no fått svar på søknaden sin. Tilboda om studieplass eller plass på venteliste er sende ut til håpefulle over heile Noreg.

Ønskjer du å ta høgare utdanning til hausten, kan du frå og med laurdag 20. juli kl. 9.00 søkje på det som finst av ledige studieplassar. Dette er altså ein ekstra sjanse dersom du ikkje rakk søknadsfristen til Samordna opptak i vår, ikkje kom inn på draumestudiet i første omgang eller berre ikkje hadde bestemt deg enno.

Hugs at det no er «først til mølla»-prinsippet som gjeld, så ikkje nøl med å sjekke ut ledige tilbod hos Høgskulen i Volda (HVO)!

Studia blir stengde for opptak når dei er fulle, så søk med det same etter 20. juli kl. 9.00, og last opp den nødvendige dokumentasjonen så raskt som mogleg for å vere sikker på at du kan skape minne for livet som Volda-student.

Studentar nyt sola på campus i Volda.
Foto: Marius Beck Dahle.

Volda tek godt vare på deg

Dersom Volda kan vere studiestaden for deg, har vi no ledige studieplassar innan fleire spennande og arbeidsrelevante studium – alt frå historie og musikk til språk og sosialt arbeid.

I tillegg til dei ledige studieplassane frå 20. juli på årsstudium og bachelorgradar har Høgskulen i Volda fleire masterutdanningar og nyttige etter- og vidareutdanningar med løpande opptak.

Uansett kva du er interessert i å studere, kan HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim trygt anbefale unge frå heile landet å velje Volda som studiestad:

– Studiebygda vår har eit samansveisa studentmiljø med mange moglegheiter og vakker natur rett utanfor skuledøra. HVO har ein fantastisk dyktig gjeng med fagtilsette som står klare til å ta imot studentane. Her på HVO har vi tett og god kontakt mellom studentar og tilsette, og mellom studentane på tvers av linjene, og det gjer at vi kan tilby ei ekstra god studietid til dei som vel Volda.

Studentar på biblioteket ved Høgskulen i Volda.
Foto: Marius Beck Dahle.

No kan du bli lærar med generell studiekompetanse!

Kan du tenkje deg ein karriere i klasserommet, har dette blitt enklare sommaren 2024: Du treng ikkje lenger oppfylle karakterkrav i norsk og matematikk og dei generelle poengkrava for å bli grunnskulelærar. Les meir om dette her.

Rektor Tonheim oppmodar alle med engasjement for barn og læring om å bli ein del av det gode studentlivet i Volda.

– Det er veldig positivt at ein no kan bli lærar med generell studiekompetanse. Dette gir gode moglegheiter for dei som vil bli lærar, men som ikkje kunne kome inn på studiet tidlegare, til å gripe moglegheita. Her i Volda møter studentane eit godt og gjennomtenkt lærarstudium med eit triveleg og spennande studiemiljø, smiler Tonheim.

Merk: Vil du bli lærar i Volda no, søkjer du studieplass via nettsidene våre frå 20. juli. Vel studium og søk her:

Venteliste på populære mediefag

Odd Helge Mjellem Tonheim.
HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Foto: HVO / Tone Solhaug.

Som søkjartala i april viste, er det stabil søking til mellom anna mediefaga ved HVO, men samla sett ein nedgang i antalet som har søkt seg til Volda. Nokre Volda-studium held seg tradisjonen tru svært populære blant søkjarar frå heile landet: Det er mellom anna venteliste på dei populære bachelorgradane i journalistikk og medieproduksjon. Håpefulle her må altså krysse fingrane vidare – les meir om venteliste på samordna.no.

– Det er klart at det er veldig positivt og viktig for HVO å halde på den leiande posisjonen innanfor desse fagretningane. Det er også eit viktig bidrag til det gode studentmiljøet at motiverte studentar kjem og engasjerer seg i alt frå avis og idrettslag til festivalar og kulturliv her. Vi er stolte av å ha eit så godt studieliv å by på i Volda, seier rektor Tonheim.

Han trekkjer også fram ein annan viktig grunn til å velje HVO: I Volda kan studentane bu godt og billig med meir til overs. Studentsamskipnaden i Volda har hybelgaranti og held prisane nede på 2023-nivået, og det er også gode tilhøve på den private leigemarknaden.

– Eg kan trygt anbefale alle å kome til Volda – her tek vi godt vare på deg, avsluttar rektor Tonheim.

Del på