Er AR og VR den nye realiteten?

Tekst: Britt Roselyn Camillo Rekkedal

- Oppdatert

For masterstudentane i Media Practices var det nettopp dette dei skulle få teste ut. TekLab som er eit nettverk for innovasjon i medieutdanningar, var her for ein to dagers workshop for at studentane skulle få prøve VR og AR utstyret for å få ein betre forståing av korleis dette kan brukast i deira framtidige prosjekt.

AR som står for Augmented Reality, er ein utvida realitet som har uendelege moglegheiter i følgje Tormod Utne, førstelektor for Film og Animasjon ved Høgskulen i Volda.

Tormod Utne
Førstelektor: Tormod Utne 

AR og VR kan bli eit nyttig verkemiddel for ulike bransjar å visualisere, formidle eller demonstrere sine prosjekt.

Uendelige moglegheiter

I byggebransjen kan den presisere kvar kloakkrøyr og kraftleidningar er, for å vite kvar ein kan grave eller byggje veg utan å støyte på problem. Det er også ein innovativ og interaktiv måte for ulike museum å få unge og vaksne, til å forstå og engasjere seg i ei historiske periode eller ei katastrofe. Eksempel på dette kan vere da Titanic sank eller kordan jorda såg ut då dinosaurane var i live eller forklare gjennom visulle medium jordraset på Gjerdrum. Moglegheitene er uendelege.   

Sjokkert over detaljane 

Ei av dei som fekk prøve dette var Mahathi Geyearemu frå India. Ho er utvekslingsstudent ved Høgskulen i Volda og er her eit semester for å studere Risk Communication og Issue Management i tillegg til Master in Media Practices. 

Ho kan nemne at ho aldri har prøvd verken AR eller VR tidlegare og fekk ein openbaring for moglegheitene innan dette. Ho hadde små forventningar til opplevinga i forkant men blei sjokkert av kor detaljert objekta innan AR verden var og kordan ein kunne interaktivt bruke dei. It was a beautiful experience, sa Mahathi. I samband med denne workshopen skal studentane inkludere AR eller VR inn i prosjekta deira. Gruppa til Mahathi har ein ide om å lage ein online virtuell  360 ° matbutikk der folk kan handle gjennom nettet.  
 

Del på