Fekk prisen for beste barnefilm

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Produsenten Johannes H. Spilling og animatørane Torjus Førre Erfjord og Håvard Strand er også tidlegare Volda-studentar. Dei arbeider no i Voldaselskapet Raindog Studios.  Prisen blei delt ut av ein barnejury – 5 barn i alderen 8-10 år.

Filmen er ein fabel om sentrale elementa i tilværet.  I ei svart/kvit verd trekk ein cowboy fargar opp av hatten, men ei kråke stel hatten og fargar verda grå. Juryen sin uttale: "Vinnerfilmen er en magisk film om kampen mellom det gode og onde. Det triste svart-hvite mot fargenes yrende liv. Fine og innholdssrike tegninger. Kjempegod musikk som byg¬ger opp stemningen."

e08d95aac9a40ba9b457c0834509f824

I hovudjuryen sat tidlegare Volda-student Anna Mantzaris som vann prisen for beste studentfilm i fjor med filmen "But Milk Is Important".  Hovudjuryen ga prisen for beste nordisk-baltiske kortfilm til Kajsa Næss og produksjonsselskapet Mikrofilm. Dette er ein animert dokumentar om barn og deres forhold til foreldre som sit i fengsel. Både Næss og dei fleste andre som har arbeidd på filmen har bakgrunn frå Volda.  Beste studentfilm gjekk til finske "The Table Is Set".  Grand Prix gjekk også til Finland og Kari Pieskä for "No Times for Toes".

Julie Engaas vann publikumsprisen med sin kortfilm "Det var ikke jeg, det var fiskemåsen" som handler om tourettes syndrom.  Cecilie Bjørnaraa har produsert filmen, og både Engaas og Bjørnaraa er tidlegare Volda-studentar. 

Meir om Fredrikstadfestivalen og prisvinnarane.

Del på