Rett frå skulebenken til fast kommunikasjonsjobb

Tekst: Per Straume , Foto: Dina Rygg Eide

- Oppdatert

Det tok tre dagar frå han var ferdig med PR, kommunikasjon og medie-bacheloren til Trym Bergan Solli var på plass i fast stilling og draumejobben i DNT.

Høgskulen i Volda (HVO) utdannar kandidatar som er attraktive i arbeidslivet, blant anna innanfor kommunikasjon, formidling og innhaldsproduksjon.

I fjor skreiv vi at om lag 95 prosent av studentane som har studert PR, kommunikasjon og media ved HVO dei fem siste åra er i jobb. – Behovet for kandidatar med denne utdanninga er stor. Vi har gjennomført undersøkingar tidlegare også, både i 2012 og 2016 og trenden er lik, fortalde førstelektor Kristian Fuglseth, som underviser ved utdanninga då.

Fleire av desse tidlegare studentane jobbar i Den Norske Tustforening (DNT) – anten i medlemsforeiningar eller i den sentrale administrasjonen i Oslo.

Fag og interesse hand i hand

Eit av dei nyaste tilskota er Trym Bergan Solli som blei uteksaminert frå bacheloren PR, kommunikasjon og media i fjor. Berre tre dagar etter at han var ferdig i Volda var han på plass i ny, fast jobb i DNT Drammen og Omegn.

Der har han blitt ein verdsett kollega og jobbar med alt innan kommunikasjon og mediefaget. Innhaldsprodusent, nettside, nyheitsbrev, eksterne medium, annonser og redaktør i medlemsbladet for å nemne noko.

Turar i vakker norsk natur har også blitt ein del av arbeidskvardagen, heile 15 DNT-hytter har Bergan Solli besøkt det siste året.

– For meg som friluftslivsinteressert er dette draumejobben fordi eg får formidle det eg brenn for! Dessutan får eg bruke veldig mykje av det eg lærte i Volda, då eg jobbar tett med media og produksjonar av alle slag, fortel Bergan Solli.

I det siste året av bachelorutdanninga har PR, kommunikasjon og medie-studentane ekstern praksis, som gir dei moglegheit til å få verdifull erfaring og ein fot innanfor arbeidslivet. Bergan Solli og ein medstudent hadde praksisperioden sin hos Kongsberg Maritime, der dei var med på å formidle frå eit forskingsprosjekt om sjølvgåande båtar i Noreg og Belgia.

– Volda på CV-en er eit stort pluss

Som tidlegare nemnt får nesten alle PR, kommunikasjon og medie-studentane frå Volda seg jobbar etter at dei er ferdig med utdanninga. Ein av desse er Simen Gald som i dag er kommunikasjonsrådgivar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.


Simen Gald i arbeid hos Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Simen Gald i arbeid hos Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Foto: Thomas Brun, NTB.


Etter utdanninga fekk han seg jobb i Canon, var deretter i ei lærerik og utfordrande stilling i Folkehelseinstituttet under Covid-pandemien, før han fekk jobben han er i i dag.

– Kva trur du er grunnen til at du har nådd opp i kampen om dei jobbane du har søkt?

– Det meste handlar om utdanning og arbeidserfaring. Å ha Høgskulen i Volda på CV-en når du skal søke mediejobbar, har eg opplevd som eit stort pluss. Volda er godt kjend for medieutdanningane sine, det merkar ein godt i Oslo også. Det er mange i departementa her med mediebakgrunn frå Volda. Berre i mitt departement har tre av dei ni kommunikatørane studert i Volda, fortalde Gald til oss i fjor.

Journalistikk-praksis hos DNT

Tilbake i DNT har Trym fått selskap av ein annan driftig student frå Høgskulen i Volda. Dina Rygg Eide er sisteårsstudent på journalistikk-studiet, og er i ein ti veker lang praksisperiode i kommunikasjons- og marknadsavdelinga sentralt i DNT. Der skal ho få prøve seg på alt frå medlemsbladet Fjell & Vidde, til tekst og foto til nettsider, pressekontakt og sosiale medium. 

–  Eg er veldig interessert i friluftsliv og elskar å prøve nye ting, difor føler eg meg veldig heldig som får ha praksis i DNT i ti veker. Eg er godt kjend med alt friluftslivet har å by på i Volda og heime i Gloppen, men no får eg bli betre kjend med naturen rundt hovudstaden. Når eg er ferdig med studiane har eg lyst til å jobbe med å vise fram alt Vestlandet har å by på, og formidle turglede og opplevingar derifrå, seier Dina Rygg Eide. 


Dina har allereie fått vore på produksjonstur, då ho gjekk til ei DNT-nyopna hytte saman med Bergan Solli. På biletet over ser vi dei to i aksjon i teneste for friluftslivet ved DNT Drammen og Omegns «Hovlandshytta».

Del på