#PRprat: nettmøte om media og kommunikasjon

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Våren 2024 arrangerer Institutt for kommunikasjon #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med på Teams kvar onsdag kl. 12!

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

  • Tidspunkt: Kvar onsdag 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.
  • Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).
  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Sjå møta i opptak på YouTube

I YouTube-spelelista nedanfor kan du sjå redigerte opptak av nettmøta. Trykk på ikonet øvst til høgre i avspelingsruta (tre strekar med Play-knapp) for å velje ein annan video i spelelista.

Del på