Første kull uteksaminert frå ny mediemaster i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ti studentar var oppe til munnleg eksamen og forsvarte sine masteroppgåver førre veke. Karakternivået var høgt og gir ein god start for den nye masteren, som kom i gong i fjor haust.

– Dette viser at dei emneansvarlege på masteren og rettleiarane på masteroppgåvene har lagt ned eit solid arbeid, seier programansvarleg Pål Aam, men like mykje viser det at studentane har jobba knallhardt med både masterproduksjonar og skriftlege oppgåver, held han fram.

Produksjonar og oppgåver

I tillegg til dei ti som var oppe til eksamen har fire studentar før gått eit pilotopplegg for masterstudiet, også desse får no mastervitnemål. Studentane har laga dokumentarproduksjonar i kombinasjon med skriftlege oppgåver. Masteroppgåvene har blitt bedømde av toppkompetanse frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Lillehammer og NTNU.

– Vi har lenge hatt eit ønske om å opprette ein master på avdelinga vår og er svært nøgde med at masteren no er i gong og at første studieår har gått bra, seier Sverre Liestøl, dekan på avdelinga.

Ny master

Masteren starta opp i fjor haust, men med innpass frå tidlegare studiar har årets avgangskull kunne starte rett på andreåret på masteren. Opptaket for komande haust er i full gong og hittil har over 30 søkt studieplass.

b969a803c1490baeaa321e4e6c22d140580f6d9b

Fornøgde studentar og lærarar på Master i dokumentar og journalistikk. (Foto: Åge André Breivik)

Del på