FULLT HUS FOR MASTERPRODUKSJON OM ANE BRUN

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Tekst: Pål Aam

Ane Brun frå Molde  er ein av Noregs største artistar, med ei rekke kritikarroste plater og suksessrike turnear bak seg.  Ho er også ein av dei få norske artistane som har nådd ut til eit internasjonalt publikum.

Jørgen Lyngvær, som både er radiolærar på Høgskulen og samstudnes masterstudent i dokumentar og journalistikk, bodde i kollektiv med Ane Brun før ho blei kjend. Som sin masterproduksjon ville han lage eit dokumentarisk portrett av Ane Brun.

– Ane har 10-årsjubileum som artist og karriera hennar er ei interessant historie, ei historie om ein sterk ung person som har tatt kontroll over musikkarrieren, men samstundes møtt mange hinder, seier Jørgen Lyngvær om kvifor han ville lage dokumentaren

NRK fatta interesse for dokumentaren og i samarbeid med dei blei "En nyanse av Brun" til. Dokumentaren blei første gong sendt i NRK P2 18. mai.

627e8cea9c19ecfa08c36f1804af251a639bb1fb

Jørgen Lyngvær presenterer dokumentaren "En nyanse av Brun" for publikum.

Onsdag 22. mai blei dokumentaren presentert for publikum på utestaden Mono i Oslo. Det var fullt hus og konsentrert stemning under lyttinga, og folk levde seg inn i det dei fikk høyre. Mellom anna er Ane Brun svært open om måten sjukdom har prega henne på.

228b43f933b404aa6ea422071f618a418be2b36e

Eit begeistra publikum på Mono i Oslo klapper for dokumentaren "En nyanse av Brun".

– Eg var spent på førehand, eg har aldri vore med på å høyre på radiodokumentar på ein utestad før. Det kom veldig mange, og dei fleste måtte stå heilt stille i tre kvarter medan dei høyrde dokumentaren. Det var på den eine sida litt sært, men på den andre sida veldig kjekt å lytte i lag, seier Jørgen.

Etterpå kom Ane Brun på scenen og gav ein ekslusiv intimkonsert. Stemninga var høg og både Ane Brun og pulikum storkoste seg.

fab9124caa842fabf5b3a1cd70a7d3bb974cfbda

Ekslusiv konsert med Ane Brun i samband med radiodokumentaren om henne.

Første kull med masterkandidatar klare

Jørgen Lyngvær er ein av i alt 11 masterkandidatar frå Master i dokumentar og journalistikk som har levert masteroppgåve denne våren. Dette er det første kullet frå den nyoppretta masteren.

Masteroppgåvene kan vere reint skriftlege eller vere ein kombinasjon av ein dokumentarproduksjon og ei skriftleg oppgåve. Tema for årets oppgåver spenner vidt, frå mellom anna konspirasjonsteoretikarar og ekstremsportutøvarar via fattigdom i Noreg og til sunnmørsk tindehistorie med meir.

Meir om dokumentaren til Jørgen Lyngvær her

Du kan høyre dokumentaren "En nyanse av Brun" her:

Del på