HVO-amanuensis sentral i NRK-serie

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Serien er eit møte med åtte nordmenn- og kvinner som på ulike felt har markert seg i norsk etterkrigshistorie, og er sesong to av denne serien. Dei første åtte programma blei sende i 2012.

Viktig dokumentasjon

– Det er åtte spennande personar som har levd interessante liv og også har betydd mykje for nasjonen på sine forskjellige område, seier Pål Aam. Dei åtte namna er valde ut av ein komité med historikarar og fagfolk frå ei liste på 200.

b1a179cf2942aef30f5068493159235a

Førsteamanuensis Pål Aam ved Avdeling for mediefag.

– Det er viktig å dokumentere deira liv og tankar medan dei er i live og kan fortelle om det, seier Aam. Dei åtte kjem frå ulike felt, som politikk, næringsliv og kultur. Programma er nedredigerte livsløpsintervju med dei åtte.

Vil halde kontakt med bransjen

– For meg sjølv er det også viktig å halde kontakt med den bransjen eg underviser om, legg Pål Aam til. Han er ansvarleg for masterstudiet i dokumentar og journalistikk på Høgskulen, eit studium som blei starta opp i 2012.

Han har laga serien i lag med Hilde Ranheim, som har stått for foto, redigering, bilderesearch og musikk. Ho er tidlegare student både ved MID-utdanninga og dokumentarmasteren i Volda. Sjølve intervjua er gjorde av NRK-journalisten Kjell Pihlstrøm.

– Eg har hatt såkalla vikarstipend i år, og det har frigjort tid til dette prosjektet, noko som betyr mykje for mi eiga faglege utvikling, avsluttar Aam.

f0328fcf3d9611a74adf470776a65dea

Dei åtte som blir portretterte i serien Mitt liv på NRK er (øvst frå venstre): Edith Roger, Arve Johnsen, Espen Skjønberg, Kåre Willoch, Per Kleppe, Ingrid Espelid Hovig, Håkon Bleken og Berit Ås.

Sesong 1 ligg på NRK sitt nett-tv. Sesong 2 vil også komme her: http://tv.nrk.no/serie/mitt-liv

Del på