HVO attraktiv for gjesteførelesarar

Tekst: , Foto: Daniela Mala

- Oppdatert

Gjesteførelesarar frå viktige aktørar i arbeidslivet er populære bidragsytarar i undervisinga ved Høgskulen i Volda. Gjennom dei får studentane innblikk i korleis bransjen verkar.

Medieproduksjonsselskapet Monster er eitt av fleire store selskap som har besøkt HVO den siste tida. Dei er veldig opptatt av tett samarbeid med høgskulen. 

– For oss er det viktig å kome til Høgskulen i Volda for å snakke med studentane, dei kan jo vere dei framtidige Monster-folka, seier Kime Lamøy, bemanningsansvarleg hos Monster. 

Viktig kontakt med næringslivet 

Master in Media Practices-studentane har tidlegare hatt besøk av blant anna skaparane av Truls à la Hellstrøm, Anders Bremnes og Magnus Liestøl, produsent i Puffin film, Guro Hansebakken og Andreas Hatlevik frå DNX. Dei hadde forskjellige opplegg der studentane fekk oppgåver undervegs, og tilbakemeldinger etterpå. Professor Paul Bjerke er godt nøgd med gjesteførelesarane frå bransjen. 

For oss er det sjølvsagt viktig å ha nær kontakt med bransjen for å vite kva dei treng av arbeidskraft. Slik kan vi utdanne dei folka bransjen treng. 

Paul Bjerke

Han får støtte frå master-student Jonas Közle. 

– Det meg var veldig nyttig og lærerikt å høyre Bremnes og Liestøl prate om kor viktig det er å berre produsere og prøve ut ting, sjølv om det kanskje ikkje vert så bra. Det speler jo ingen rolle om du er fotograf eller skribent, du må øve.

Medstudent Linn Hafslien Petke er einig med Közle, og skryt av det varierte opplegget høgskulen tilbyr.

– Eg synest det var spennande å høyre Hansebakken fortelje om korleis ho blei produsent, og korleis ein produsent jobbar i Noreg. Eg er interessert i å jobbe som produsent, men eg visste ikkje så mykje om jobben før Hansebakken kom og heldt eit føredrag for oss. Eg håpar dei held fram med gjesteførelesarar, det er då eg lærer mest.

Del på