HVO-lektor bak varm kinosuksess

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Den har hausta ros hos kritikarane og gjort kinopublikummet Noreg over rørte. No håpar produsent André Folkestad at folk i Volda kan få ei fin oppleving med å sjå filmen om demens, Vær her, måndag 18. oktober.

– Vi har lukkast med ambisjonen om å lage ein film som fungerer som ei god forteljing. At vi er nøgde handlar ikkje berre om femmarar på terningen, besøkstal og ikkje minst reaksjonane i kinosalen er viktigare, seier André Folkestad, produsent for dokumentarfilmen Vær her og førstelektor ved Høgskulen i Volda. 

Det er ikkje tilfeldig at Folkestad nemner talet fem på den berømte terningen – meldarane i pressa sin karakterskala. For på rekke og rad har blant anna TV 2, Aftenposten og Klassekampen gitt filmen ein femmar. Folkestad er sjølvsagt glad for det, og at filmen allereie er sett av over 10.000 betalande på kino. 

Vær her, som Ragnhild Nøst Bergem har regissert, vart først vist under Tromsø Internasjonale Filmfestival i januar 2020, men på grunn av koronautbrotet nådde den aldri kinolerreta i landet før 17. september i år. Folkestad var sjølv til stades på førpremiera på Gimle kino i Oslo.

– Det var første gangen eg såg filmen saman med eit vanleg publikum. Det vart ei sterk oppleving for min del, folk i salen var tydeleg prega og bevega, seier Folkestad. Litt prega han også.

Sjå filmen på Volda filmteater måndag 18. oktober kl. 17.45 eller kl. 20.30. Folkestad og regissør Nøst Bergem vil vere til stades for å snakke om filmen og svare på spørsmål frå salen.

Det er sett opp ei eiga visning hos Volda filmteater same dag for studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda kl. 14.00. 

Sette dagsorden

I Vær her møter vi tre eldre menneske, Jan, Mimi og Sigvald som har ulike formar for demens. Vi blir med inn i deira kvardagsliv og får oppleve kor redde dei er for å miste kontrollen og kor viktig relasjonar er. Liva til dei tre er prega av leiting etter ord, minner og gjenstandar. Kvardagen er krevjande både for dei sjølve og for deira nærmaste, men omsorg, samvær og musikk hjelper. Tittelen på filmen seier mykje om tematikken og kva dei som har laga den ønsker å nå ut med – det å vere til stades og vere her, både som pårørande og samfunn.

Vær her

– Det er mange som blir ramma av sjukdomen både direkte og indirekte. Med filmen ønsker vi å sette sjukdomen, menneska og alt rundt det på dagsorden. For meg handlar det mykje om korleis vi tek vare på folk, sjølv om dei blir sjuke og ikkje kan fungere på same måte som tidlegare. Ein bør bruke tid på dei som blir sjuke, både som medmenneske og samfunn. Dei er endra på utsida, men har eit liv på innsida, seier Folkestad og blir stille ei stund. 

Han meiner dei såg at aktivitet, besøk og menneskeleg kontakt betydde enormt mykje i kvardagane til dei tre hovudkarakterane i filmen.

– Det betyr kanskje meir enn det vi kan tenke oss til og forstå. Men det kan bety mykje for oss som besøker dei også, seier filmprodusenten og let det henge litt i lufta.

Innspelingane til filmen vart gjort over nesten tre år mellom 2017 og 2019. Alle tre hovudpersonane er døde i dag.

Musikk som idé til filmen

Folkestad flytta for eit par år sidan opp att til Sunnmøre etter å ha budd på Lillehammer i om lag 30 år. Der var også i OL-byen frøet til filmsuksessen vart sådd. For nokre er Folkestad kanskje like kjend som musikar – han er eit velkjend ansikt frå blant anna BokkeReidars Blues Band, der han framleis er aktiv. 

Musikken var også grunnen til at Folkestad fekk ideen til filmen. I Lillehammer hadde kommunen eit prosjekt der musikk var ein del av terapien for dei med demens.

– Lillehammer kommune var velvillige og vi fekk ein god dialog med dei. Det skal ein del samtalar, forståing frå begge sider og praktiske omsyn til for at vi skal kunne kome tett på, dokumentere for å få til ein god film. Vi er glad for den tilliten vi vart vist, og at Lillehammer kommune, der to av hovudpersonane bur, og Oslo kommune, der den siste hovudpersonen bur, var så velvillige. 

Vær her
Her er eit bilete frå filmen då Mimi, ein av hovudrolleinnehavarane, feira bursdag.

I tillegg til å ha ideen, var det Folkestads jobb som produsent å sette saman eit kreativt team rundt filmprosjektet der regissøren har den viktigaste funksjonen. Han hadde det overordna ansvaret for filmen med finansiering, som er ein tøff og tidkrevjande jobb, og det administrative arbeidet. – Eg er også med i vurderingar og diskusjonar om innhaldet og det kunstariske, men det er det den dyktige regissøren Ragnhild Nøst Bergem som har hatt hovudansvaret, forklarer Folkestad.

30 år i bransjen

For eit år sidan gjorde voldingen suksess som produsent for filmen Radiokameratane, som også vart  godt mottatt av publikum og vist på NRK. Den tek for seg eldsjelene som driv Bygderadio Vest på Søre Sunnmøre, og korleis dei går mot straumen når all anna radio har gått over til DAB.

Då filmen vart lansert i oktober i fjor, hadde Folkestad jobba om lag eitt år ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Inn i den jobben tok han med seg 30 års erfaring frå bransjen. Folkestad var først tilsett i NRK på Lillehammer i fem år, før han skifta beite, men ikkje by, og var nyhendejournalist og nyhenderedaktør i radiokanalen P4 i 15 år. Dei ti siste åra før han tok til ved høgskulen, dreiv han sitt eige filmproduksjonsselskap.

– Eg har lært mykje på desse åra og føler eg har nyttig kunnskap som eg kan dele med studentar og kollegaer. Når vi har praksis med journalistikkstudentane til dømes, er jo det som å vere i arbeidslivet ute i mediebransjen. Det er både kjekt og inspirerande å kunne dele av erfaringane mine og lære bort noko. Det set eg stor pris på og eg stortrivst i mi nye rolle, smiler Folkestad.

André Folkestad
Førstelektor og filmprodusent André Folkestad har etter 30 år i mediebransjen busett på Lillehammer no flytta heim til Sunmmøre og slått seg ned på Larsnes.

Meir enn «berre» filmen

Men filmarbeid kjem han ikkje til å sleppe heilt. Til det er engasjementet for stort og ideane for mange. No gler han seg til å vise Volda-publikummet filmen Vær her. Han håper at ein i samband med framsyninga vil få til ein fin seanse der han og regissøren svarar på spørsmål folk sit inne med. 

– Regissør Nøst Bergem reiser rundt over heile landet i samband med visningar av filmen. For oss er det viktig å kople visningane til noko meir enn filmen. Ofte er det ei lokal demensforeining eller liknande som er knytt til dette. På denne måten håper vi å få løfta fram dei store utfordringane som demens representerer for heile samfunnet, slik at folk kanskje kan verte litt meir opplyste også, seier Folkestad.

Og kanskje vil ikkje kinopublikummet i Volda og andre stadar berre være i salen lengre, kanskje vil også fleire være der nokon verkeleg treng dei litt lengre. 

Del på