Laga profesjonell film som skuleprosjekt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ein kvalitetsfilm som tek barn på alvor og som oppdragsgivar Ørsta kommune er strålande fornøgd med – gruppa med medieproduksjonsstudentar frå Høgskulen i Volda kan smile breitt av resultatet av filmprosjektet sitt.

– Vi ønskte ein film som kunne ufarleggjere testinga og gjere barna meir forberedt. Vi er veldig takknemlege for at studentane tok oppdraget. Dei fekk frie taumar og vi hadde ingen regi på sjølve filmen, men er svært fornøgd med resultatet. Vi håper den kan bidra til at fleire testar seg og at dei skjønar at det ikkje er så mykje å grue seg til, fortel kommuneoverlege i Ørsta kommune, Marte Vaage Øie.

På oppdrag frå Ørsta kommune har tre medieproduksjonsstudentane Lea Kristine Haagensen Skrede, Rasmus Bjerkan og Finholt, saman med Amir Bashti som studerer Master in Media Practices, produsert filmen frå a til å. 
 


Unik erfaring

Bashti fungerte i rolla som produsent, Skrede var regissør, Bjerkan kameraoperatør og Finholt lydoperatør og redigerer. Eit arbeidslag som jobba akkurat som dei gjer i det verkelege yrkeslivet.

– Det var utruleg kjekt. Vi har lært mykje av heile prosjektet, alt frå å få inn skodespelarar til alt det tekniske og ikkje minst samarbeidet med kommunen vi laga filmen for, seier Skrede og Finholt.

Å forklare noko litt alvorleg på denne måten for barn var ei ny oppleving for deg. Ei viktig erfaring å ha med seg, synest studentane.

Koronafilm

– Ein må jobbe på ein litt anna måte når ein skal ha barn med i film, og ikkje minst når ein veit at det er barn som er målgruppa for filmen også. Barna som var skodespelarar mått nøye instruerast, slik at det skulle kome tydleg fram til barna som skulle sjå filmen kva bodskapet er.

Klare for yrkeslivet

Høgskulelektor Jon Harman er glad for å kunne gi studentane sine slike type oppdrag. Det er med på forberede dei på yrkeslivet og gjere at dei kan gå rett ut i yrkeslivet og lage film når dei er ferdig utdanna i Volda.

– Dette er en autentisk og bransjenær måte å jobbe på, og studentane får kjenne på følelsen av korleis arbeidslivet er. Samstundes er det også viktig at prosjektet er til det beste både for studentane og oppdragsgivar, og at høgskolen er med som støttespiller, seier Harman og held fram:

Koronafilm

Som lærar er det ein flott moglegheit til å rettleie  studentar gjennom eit reelt prosjekt. Her er det større sjanse for å få til praktiske situasjonar studentane lærer av enn det er i klasserommet, og eg kan tydeleg observere korleis dei lærer medan dei er i aksjon. 

Del på