Lord overfører Aardman til dei tilsette

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Marius Beck Dahle

- Oppdatert

Peter Lord, legendarisk animatør og ein av grunnleggarane av det Oscar-vinnande animasjonsstudioet Aardman i England, overfører selskapet til dei tilsette. Peter Lord er også professor ved animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda.  – Eg er glad for at han sikrar den kreative arven og den kunstnarlege fridomen til Aardman på denne måten, seier professor Gunnar Strøm.

Aardman-grunnleggarane Peter Lord og David Sproxton begynte å lage dokkefilmar på kjøkenbenken heime i Bristol med eit 16-mm kamera som dei hadde lånt av faren til Sproxton som arbeidde i BBC på den tida. Dei unge entusiastane fekk etter kvart kontakt med barneavdelinga i BBC, og ikkje lenge etter fekk dei suksess med barnefilmar med Peter Lord sin første legendariske figur, Morph.

– Etter debuten i BBC har Lord og Sproxton utvikla Aardman til å bli det leiande selskapet innan dokkefilm, såkalla «stop-motion», i verda. Aardman Animations Studio er saman med Disney og Pixar dei leiande studioa innanfor animasjonsfilm i verda i dag. Aardman Animations Studio er mest kjent for å bruke animerte figurar av leire og har hatt stor suksess med filmar som Wallace & Gromit, Chicken Run og Shaun the Sheep Movie og TV-seriar som The Morph Files og Creature Comforts, seier Strøm..

Gunnar Strøm og Morph
Professor Gunnar Støm viser fram Morph som står utstilt i ein monter på Høgskulen i Volda.

Professor Gunnar Strøm har samarbeidd med Peter Lord sidan tidleg på 90-talet, og i 2016 blei Lord tilsett som professor ved animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda. Fleire av høgskulen sine animasjonsstudentar har vore i praksis hos Aardman i Bristol.

– Peter Lord har vore med å bygge opp selskapet frå ingenting til å bli eit verdsleiande studio verdt mangfaldige millionar. Han kunne ha selt til Disney, men har altså valt å overføre selskapet til dei tilsette. Lord vil sikre at den kreative arven vert ført vidare og at verdiar i selskapet som gründerånd, kontroll, kreativ fridom og omsynet til dei tilsette i England framleis skal prege Aardman, seier Gunnar Strøm entusiastisk.

Majoriteten av aksjane i selskapet vil no overført til ei stifting som på vegner av dei tilsette skal forvalte verdiane.

Del på