Ny dekan ved Avdeling for mediefag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Styret ved Høgskulen i Volda har vedteke å gi Kate Kartveit tilbod om dekanstilling ved Avdeling for mediefag frå 1. august 2020.

Kate Kartveit er 60 år og kjem frå ei stilling som ass.professor ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole. Ho har lang erfaring som forskar og undervisar både i Noreg og utlandet. Ho har ein ph.d.frå Aalborg Universitet i 2016 og disputerte på avhandlinga «Multimediejournalistik og narrative flow». 

Kartveit har mellom anna publisert i Journalism og i Journal of Applied Journalism & Media Studies. Ho har utgitt læreboka TV-journalistikkens ABC, har bidrege med kapittel til fleire akademiske lærebøker og er peer-reviewer for Visual Communication, Digital Journalism og Journalism Practice.

Før ho gjekk inn i akademia hadde Kartveit 20 års erfaring frå NRK, og har mellom anna eit SKUP-diplom med ein produksjon for Brennpunkt. Ho har leiarerfaring frå NRK, frå undervisnings- og forskingsprosjekt, og frå organisasjon- og fagforeiningsarbeid.

Leiinga ved høgskulen er sikker på at Kartveit med sin kompetanse har mykje å tilføre høgskulen, og ser fram til eit godt samarbeid framover.
 

 

Del på