Over 60 voldastudentar gav ski- og friluftskurs til utviklingshemma

Det er samla om lag 300 personar til ski- og friluftskurs i veke 13. Kursa er spesielt tilrettelagt for utviklingshemma med 106 kursdeltakarar frå heile Møre og Romsdal. Instruktørar er studentar frå Høgskulen i Volda og Møre Folkehøgskule.


Spenningskurset 2015 - dag 2

Kurset er frå måndag til fredag med ei meng aktivitetar. For HVO studentane der dette ein del av obligatoriske praksis. Aktivitetane er alpint, telemark, langrenn, turar i skog og mark, snørafting, hundespann med meir. Instruktørar er 50studentar frå Idrett, 10 frå Erasport (idrettsemne for Erasmus studentar) og 6 Media, IKT og design (MID) studentar. I tillegg kjem 31 elevar frå Møre Folkehøgskule i Ørsta. MID studentane produserer stoff til nettstaden www.spenningskurset.no

5d744a8c2754e97c3e9993eb238f0ef1

For kursdeltakarane er dette årets høgdepunkt. Dei fleste kjem igjen år etter år. Dette er det 23. året desse kursa vert arrangert. Mange studentane får ei oppleving dei vil hugse for livet.

Tekst høgskulelektor Svein Arnesen

For fleire foto og filmar sjå www.spenningskurset.no

Del på: