Rotevatn blir ny dekan ved Avdeling for mediefag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

cadc995ae7a43e36641bdf487e88573e

Noverande dekan Pål Aam varsla at han ville slutte i stillinga i januar 2016, og det melde seg i alt sju søkjarar til dekanstillinga. Rotevatn fekk tilbod om stillinga frå styret ved Høgskulen i Volda og har no takka ja til stillinga.

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda er svært nøgd med tilsettinga. – Vi har eit stort mangfald av medieutdanningar i Volda. Då er det gull verd å få inn ein leiar som Rotevatn, som har har praktisk og strategisk erfaring frå svært mange felt i medieverda, seier Roppen.

– Rotevatn vil bidra til å gjere Høgskulen i Volda betre på alle dei nasjonale satsingsområda våre: Praktiske medieutdanningar, nynorsk og nettstudium, seier Roppen vidare og peikar særleg på at Høgskulen i Volda må ta tak i utfordringane som digitalisering og globalisering av media reiser for nasjonale media og medieutdanningar.

Rotevatn gler seg til å ta fatt på utfordringa som leiar for ei av dei mest kjende medieutdanningane i Noreg og vil bidra til at medieutdanning frå Volda også i framtida skal vere eit teikn på kvalitet.

– Vi har eit kjempegodt utgangspunkt med mange søkjarar, eit godt rykte og eit sterkt fagmiljø med mange høgt kompetente og røynde lærarar, seier Rotevatn.

Rotevatn er den første kvinnelege dekan ved avdeling for mediefag og blir også ein av dei yngste dekanar i landet. 

Fakta om Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (40):

  • Er frå Volda, er gift og har tre barn.
  • Journalistutdanning frå Høgskulen i Volda.
  • Master i nynorsk skriftkultur med ei oppgåve om språket på Facebook.
  • Har arbeidd som journalist i NRK og nyheitsredaktør i Kanal24 (Radio Norge).
  • Arbeider no som redaktør og dagleg leiar i Allkunne AS, eit nynorsk digitalt oppslagsverk.
  • Er styremedlem i NRK.
  • Tek til som dekan ved Avdeling for mediefag i august/september 2016.
  • Avdeling for mediefag har ca 300 studentar og 40 tilsette.
  • Avdelinga tilbyr bachelorutdanningar i journalistikk, PR kommunikasjon, animasjon og master i dokumentar og journalistikk.

pressefoto:

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Del på