Tar korona på alvor i praksisen

Tekst: Per Straume

Journalistikkstudentane set smittervern i høgsete når dei lagar avis, tv og radio med saker frå Søre Sunnmøre. Det skal vere trygt for dei som let seg intervjue av studentane. 

– Vi hadde ein nøye gjennomgang med smittevernlege før praksisen tok til, fortel Steinar Høydal, som underviser TV-studentane i den interne journalistikkpraksisen som starta måndag 14. september.

Høydal og kollegaane hadde før møtet blitt einige om ulike tiltak, som alle fekk tommel opp frå smittevernlegen.

Eigen smittevernmodul

Redaksjonen, der alle journalistikkstudentar vanlegvis ha tilgang, er stengd for alle andre enn tredjeårsstudentane som no har praksis. Dette gjeld i alle dei seks vekene praksisen går føre seg. Inne i redaksjonslokalet er dei ulike sitteplassane studentane kan nytte merka med eit kryss av teip. 

Vanlegvis nyttar tv-studentane kva redigeringsrom med utstyr dei sjølv vil, men no har to og to studentar sitt eige redigeringsrom. Studentane er også utstyrt med forlenga mikrofonar som gjer at dei kan halde den rette avstanden til intervjuobjekta sine. Og nyttar dei mikrofonar som må festast til kleda til dei som skal intervjuast, har dei strenge reglar for korleis ein skal reingjere desse både før og etter intervjuet.

– Vi har ein eigen modul i Canvas med smittevern som forklarar kva studentane skal gjere når dei er ute på oppdrag, seier Høydal, om rettleiinga dei har i læringsplattformen Canvas.

På Nærnett kan du sjå og høyre alt studentane lagar.

Klare retningsliner

Inne på eit av tv-redigeringsroma i redaksjonen sit Christian Dehlie Lokøy og arbeider med eit tv-innslag. Der «bur» han saman med ein medstudent, som han delar utstyr og gjer alt av etterarbeid etter filminga saman med.

Christian Dehlie Lokøy
Journalistikkstudent Christian Dehlie Lokøy jobber sammen med en medstudent inne på dette redigeringsrommet.

– Det fungerer eigentleg veldig greitt. Normalt under ein praksis kan vi hoppe mellom redigeringsromma frå dag til dag og utstyret «flyter» meir. No vet vi kor vi har alt og det er også trygt å tenke på med tanke på eventuell smitte, synest Lokøy. 

– Kva med dei dykk skal intervjue, kan dei føle seg trygge?

– Ja, det meiner eg absolutt. Vi er trent i å halde rett avstand og har fått klare retningsliner på korleis vi skal reingjere utstyret vi brukar, forsikrar studenten.

Tek ingen sjansar

Då vi var innom redaksjonen var det eit par-tre studentar som var heime med forkjøling.

– Det er slik det skal vere, vi tek ingen sjansar. Smittevernlegen var godt nøgd med tiltaka vi har gjort, og det viktigaste bodskapet frå han var at studentane må vere flinke med smittevern utanfor skulen, då er moglegheita for at dei dreg med seg smitte inn på skulen mykje lågare, seier førstelektor Høydal.

Steinar Høydal
Førstelektor Steinar Høydakl inne i eit av undervisningsromma i redaksjonen der teip i golvet viser kvar stolane skal stå for å halde rett avstand.

Mykje og god journalistikk

Studentane som no lager avis og nettavis og tv- og radio-sendingar har sin tredje og siste internpraksis i den treårige bachelorgraden i journalistikk. Med det ligg også lista litt høgare for innhaldet dei produserer, ifølge Høydal.

Koronasituasjonen gjer også praksisen litt spesiell. Eit meir lukka samfunn er med på å legge føringar for det studentane kan lage.

– Det er mindre som skjer no om dagen, ikkje så mange arrangement og slikt. Det gjer at vi må leite enda hardare etter nyhendene sjølve og det blir kanskje litt meir «hard news», tenkjer student Lokøy.

Han og medstudentane tek gjerne imot tips på nett@hivolda.no.
 

Del på