– Utfordrande og lærerikt arbeid

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fire Volda-studentar fekk med seg heilt spesielle erfaringar frå ein ti dagars workshop i Polen og Latvia. Resultatet kan bli at arbeidet deira vert ein del av eit senter om andre verdskrigen i Hamburg.

– Det var superinteressant. Men å jobbe i ti dagar med noko av det verste som har hendt i mennesket si historie var tøft, seier Isak Okkenhaug. Det går ei stund før neste setning kjem ut frå munnen hans. Som krigen har sett djupe spor i verdshistoria, har reisa og arbeidet sett solide fotavtrykk i minnet til studentane.

Okkenhaug, franske Amandine Ollier og italienske Matteo Baratella som alle studerer Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda, i tillegg til Lene Flataker, bachelorstudent i journalistikk, reiste til Gdansk og Stutthof i Polen og Riga i Latvia saman med førsteamanuensisane Thomas Lewe og Kjetil Vaage Øie. I workshopen som bar namnet «Memory dialogs» samarbeidde studentar og tilsette med ti ulike nasjonalitetar frå universitet i Tyskland og Latvia, i tillegg til Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda.

Multimediale løysingar

Studentane arbeidde på oppdrag frå ein organisasjon som står bak Memorial Hannover Station in Hamburg – et prosjekt som skal munne ut i et museum om andre verdskrigen i Hamburg. Frå jernbanestasjonen i Hamburg vart jødar sendt med tog til ulike konsentrasjonsleirar i Europa.

Workshop Polen
Mr. Verstermanis er ein latvisk jøde som overlevde andre verdskrigen.

Eit bakteppe og inspirasjon til gruppearbeidet fekk studentane gjennom å besøke museum, massegraver og få høyre ein gjenlevande jøde snakke om krigen og hans opplevingar av den. Dette gjennom opphaldet i Gdansk, ei reise til Riga og til Stutthoff konsentrasjonsleir ein time utanfor Gdansk.

– Vi kom fram til ulike multimediale løysingar. Videovegg med lyddusj og abstrakte bilete som kan seie noko om kjenslene vi trur jødane hadde då dei vart deportert med tog – og på den måten prøve å få museumsgjengaren til å føle at ein vert deportert, fortel Okkenhaug om si gruppe si prosjekt.

– Vi hadde også ein multimedial vegg, ein vegg der blader som låg over jernbaneskinnene på stasjonen i Hamburg flyg vekk når du nærmar deg den og så får du sjå jernbaneskinnene kome til syne. Då skal ein blant anne kunne laste ned ein app for å lese meir om historia og dei som døydde, seier Amandine Ollier om arbeidet dei gjorde.

Workshop Polen
Professor Claus Friede fortel ved Bikernieki Forest Memorial, skogen der mange vart henretta under andre verdskrigen.

Viktig erfaring

Volda-studentane fortel at tematikken gjorde sterkt inntrykk på dei. Samstundes var det også lærerikt – å samarbeide fagleg på engelsk med studentar frå ulike land og universitet er noko dei tek med seg som ei viktig erfaring. Finn dei som arbeidar med det framtidige senteret i Hamburg eit av studentprosjekta gode nok, vil dei bli bruke dei. Fram til det eventuelt vert aktuelt er studentprosjekta mest på idé- og skissestadiet.

Workshop Polen
Studentar i arbeid på Stutthof Museum i Polen.

Førsteamanuensis Thomas Lewe har initiert fleire liknande prosjekt tidlegare gjennom det internasjonale nettverket han er ein del av. I 2016, 2017 og 2018 tok han kvart år med seg fem mediestudentar frå Volda til Lodz i Polen. 

– Nettverket vårt har vakse dei siste åra og vi har med både medie- og historiestudentar frå universitet og høgskular i Tyskland, Polen, Latvia og Noreg, fortel Lewe.

Meir samarbeid

Formidling av kva som skjedde under den andre verdskrigen har vore sentralt i prosjekta dei har hatt med studentane i. No arbeider ein for å halde fram med liknande gruppearbeid som studentane har fått vere med på til no. Falstadsenteret i Trøndelag, som består av Falstad fangeleir og Falstadskogen, som ligg eit steinkast unna og var rettarstad for okkupasjonsmakta, er ein aktuell samarbeidspartnar.

– Vi har fått pengar frå dei og håper at vi kan halde ein workshop hos dei eit av dei neste tre åra. Dei to andre åra håper vi å ha samarbeide med det store museet Polin Museum i Warszawa. Det ser lyst ut for nettverket og framtidige studentprosjekt, meiner Lewe.
 

Del på