Volda-studentar med på produksjonen av stor NRK-satsing

Tekst: Per Straume

- Oppdatert


96db2e306a3090f6b0db65102d5c7d05

«Hjemmebane» heiter den nye serien som skal gå på NRK1 i 2018 og ha Ulsteinvik som kulissar. Den skal gå over ti episodar og er ein samproduksjon mellom NRK Drama og Motlys. Då fleire produsentar inspiserte forholda i Ulsteinvik for ikkje lenge sidan besøkte dei også Høgskulen i Volda (HVO).

Gode erfaringar frå «Himmelblå»

Ettersom vegen frå Ulsteinvik til Volda er kort, vil dei nytte seg av kunnskapen som finns ved høgskulen.

– Vi vil ha med oss studentar som er svoltne og ser for seg ein karriere innan film- og tv-produksjon. Samstundes som dei får vere fluge på veggen, får dei også viktige assistentoppgåver i produksjonen, seier Yngve Sæther, produsent i Motlys.

Han fortel at innspelinga tek til i midten av mars neste år og vil halde fram i eit halvt år. I Ulsteinvik vil dei ha eit team på rundt 30 personar, skodespelarane kjem i tillegg. Ein del av innspelinga vil gå føre seg i Oslo, men mellom 30 og 80 av innspelingsdagane vert lagt til Ulsteinvik.

– I utgangspunktet skal 25 prosent av filminga bli gjort i Ulsteinvik, men vi håpar at det blir enda meir. Jo lenger vi blir her, jo meir behov får vi for studentane, seier Sæther og får støtte av kollega Vilje Kathrine Hagen, også produsent i Motlys:

– Under innspelinga av NRK-suksessen «Himmelblå» hadde ein gode erfaringar med å ha studentar med som praktikantar. Det blir litt av det same med denne serien.

99c80eedcc0e071d123dffe0a98b9695
Tilsette frå HVO og Motlys i TV-studioet ved høgskulen. F.v.: Reidulf Botn (HVO), Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (HVO), Kristian Fuglseth (HVO), Yngve Sæther (Motlys), Aud Folkestad (HVO), Dag Svein Roland (HVO) og Vilje Kathrine Hagen (Motlys).

Stor fordel

Prodekan ved Avdeling for mediefag, Kristian Fuglseth, var av dei som viste produsentane rundt på HVO. Han er glad for at høgskulen er spurd om å bidra.

– Dette er erfaring som vi er glad for å kunne tilby studentane i samarbeid med NRK og Motlys. Her får dei vere med å lære og delta i ein stor produksjon. Studentane våre har ekstern praksis i store redaksjonar, men det er ein stor fordel om dei kan hospitere her lokalt også. Under innspelinga av filmen Børning 2 på Sunnmøre var også studentar med i produksjonen, og det fungerte veldig fint. Vi har hatt tett kontakt med NRK om store produksjonar som utdanningsinstitusjon gjennom mange år. Dette ser vi på som ein stor styrke, seier Fuglseth.

I tillegg til å nytte studentane, vil også noko av serien bli klipt og produsert i Volda.

– Vi ryddar kapasitet i form av lokalar og tilsette. Dei får låne tv- og lydstudio av oss, i tillegg til utstyr som studentane nyttar til vanleg. Ein del av innspelinga går føre seg på sommaren når det ikkje er så mange studentar her, og da har vi god kapasitet i lokala våre.

Kvinneleg fotballtrenar

«Hjemmebane» skal handle om «Helena Mikkelsen» som blir den første fotballtrenaren for eit herrelag på toppnivå. Ho flyttar til Ulsteinvik i lag med dottera si «Camilla» og skal trene det fiktive laget «Varg». Mora skal lære 20 menn å spele fotball, medan dottera skal finne seg til rette i ei heilt ukjend bygd.

– Serien skal ha familieappell. Så får ein sjå om både mora og dottera lukkast på heimebane og på andre områder, seier produsent Sæther.

pressefoto

Tilsette frå HVO og Motlys i TV-studio.

Del på