Dyktige lærarstudentar i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Her i Volda er det svært få på dette nivået, vi snakkar om 2-3 pr. kull. Det er heller mange studentar som ligg i det øvre sjiktet når dei kjem frå vidaregåande, og få som har under 4,0 i gjennomsnitt. Biletet vi får utan i frå er ikkje rett, for det er mange dyktige studentar, seier studieleiar ved allmennlærarutdanninga, Johann Wangen.

Gode resultat - 49,86 poeng hausten 2008

Ved Høgskulen i Volda har lærarstudentane eit betre nivå enn det politikarar og presse viser. Det er svært mange som har gode karakterar frå vidaregåande, og mange studentar har også svært gode resultat i høgskulen. Statistikk for studentar som vart opptekne til allmennlærarutdanning ved HVO i 2005-2007, viser at lågaste gjennomsnittleg poengsum i primærvitnemålskvota er 46,02 (2005) og høgaste gjennomsnittleg poengsum 48,64 (2007). Sagt på ein annan måte så tilsvarer 46,02 poeng gjennomsnittskarakteren 4,6, og 48,64 tilsvarar nesten 5. Tel ein med dei med ekstrapoeng er snittet for alle allmennlærarstudentane som var tekne opp hausten 2008 49,86 poeng.

- Eg trur ikkje at elevar som slit med teorifag på vidaregåande skule søkjer seg til lærarutdanning. Som lærar har ein ei viktig og utfordrande oppgåve som kunnskapsformidlar, seier Ivar Hagen, førstekonsulent ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

- Minstekravet er med å bevisstgjere og sette fokus på eiga kompetanse, seier Johann Wangen.

Minstekravet vart innført av utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet i 2005. Hensikta var å sikre lærarstudentar betre faglege kvalifikasjonar, samt å gi signal til ungdom som ønskjer å ta allmennlærarutdanning at studiet er krevjande, og at læraryrket krev kunnskap, motivasjon, arbeidsinnsats og uthald. Departementet har valt ei løysning som sett krav til kunnskapsnivå i norsk og matematikk, samt at ein gjennom krav til skulepoeng lønner eit bredt kunnskapsnivå.

IMG_8298_magasin
Ivar Hagen og Johann Wangen seier allmennlærarstudentane har eit betre nivå enn det politikarar og presse viser.

Oppfølging og rettleiing

Lærarstudentane i Volda har studiesamtalar med faglærar undervegs i studieprogrammet, i tillegg til at avdelinga ser på gjennomføringa til kvar enkelt student etter to år. Er det nokon som har dårleg progresjonen vert studentane kalla inn til rettleiing, for det kan vere mange årsaker som ligg bak, og ein ønskjer å vise veg og gi oppfølging på eit tidleg tidspunkt.

Dei siste åra har søkjertala til lærarutdanningane gått ned fleire stadar i landet.

- Det kan vere fleire grunnar til lav søking, men vi merker godt at det har ein samanheng med næringslivet. No er det gode tider, og då går søkjertala ned. Det er også langt fleire utdanningstilbod generelt sett, og læraryrket har fått mykje negativ omtale den siste tida. For at det skal bli attraktivt å vere lærar, må mellom anna statusen i samfunnet og lønna endrast. Dette er faktorar som heng saman, fortel Johann Wangen.

Etter 4 år allmennlærarutdanning blir ein adjunkt, og tek ein eit 5. år blir ein adjunkt med opprykk.

- Politikarane har ikkje fullstendig oversikt. Dei med fagutdanning er gløymt, sett vekk frå dei med realfagsutdanning der det er eigne opptakskrav. Paradoksalt nok er det ikkje minstekrav for lærarar som tek fagutdanning. Minstekravet gjeld i dag berre for dei som tekallmennlærarutdanning. Som allmennlærar har du stor fagleg bredde, noko som på mange måtar gir deg ein betre bakgrunn til å undervise. Her i Volda kan du fordjupe deg frå 90-120 studiepoeng i matematikk, norsk, musikk, idrett/friluftsliv, kunst og handverk, KRL og engelsk. Då har du fordjuping på lik linje med dei som tek fagutdanning, og i tillegg har du dei obligatoriske emna, seier Johann Wangen. I Volda kan ein også bygge på allmennlærarutdanninga med mastergrad eller vidareutdanning i spesialpedagogikk

Attraktivt og mangfaldig studietilbod

Fleire studentar kjem frå dei store byane og til Volda for å ta den valfrie delen av lærarutdanninga, ogdet er få studentar som søker overflytting frå Volda. Dette er eit godt teikn for lærarutdanninga.

- Vi har over 40 ulike studium som kan inngå i den valfrie delen i utdanninga, innanfor skuleretta-, skulerelevante- og fordjupingsstudium. Lærarutdanninga er på den måten attraktiv, og vi er den einaste i fylket med fleire vidareutdanningar. Mange utdanningsinstitusjonar har kutta ned på dei praktisk-estetiske faga. Dette er ikkje lenger obligatorisk i utdanninga slik det var under rammeplanen frå 1999, og i tillegg er det kostbare tilbod. Ved HVO har vi valt å halde oppe tilbodet, då vi i tillegg til lærarutdanning har både vidareutdanningar og fagstudium innan desse fagområda, seier Johann Wangen.

Lærarutdanninga i framtida

Lærarutdanninga og læraryrket har vore mykje diskutert den siste tida. Studieleiar Johann Wangen synes at utgangspunktet til den noverande modellen er god, men seier det er truleg at lærarutdanninga i framtida blir meir yrkesretta. I tillegg er det ein spesialiseringstendens, der barnesteget og ungdomssteget får eit større skilje.

- Dette er ikkje nødvendigvis er den beste veg å gå, då Noreg har geografiske utfordringar med fleire små skular i distrikta. Kvar lærar treng då ein stor fagkrets, og ei spesialiseringsretta utdanning kan vere med å bane veg for sentralisering også i skulen. Ein diskuterar om utdanninga bør bli 5-årig. Finland har mellom anna dette fokuset, men fleire har byrja å stille spørsmål. Eg synes den 4-årige modellen er god og bør vedvare.

Ved lærarutdanninga har ein innført obligatorisk frammøte, og det for å gi eit visst læringstrykk og sikre oppmøte. Dette er akseptert og forstått av studentane, og er med på å betre kvaliteten på undervisninga. Det at fleire kan arbeide saman utgjer ein viktig sosial faktor. Ein kan stadig bli betre og utvikling er eit ofte diskutert tema ved allmennlærarutdanninga.

Del på