ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon

Emnekode: 
ANT162
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Animation theory 2: forms of animation
Emnenavn på bokmål: 
Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Kva vegar har animasjonsfilmen teke opp igjennom historia? Dette emnet gir ein introduksjon til animasjonsfilmhistorie, og til det å analysera ulike former for animasjon, film og biletkunst ut frå eit estetisk og historisk perspektiv. Du vil bli kjent med ulike kunstnariske former og stilar innanfor kunst-, film- og animasjonshistoria, og lære om moglege måtar å tolka og drøfta desse formene på. Gjennom dette søkjer emnet å utvikla ei historisk og analytisk forståing for mangfoldigheten ved animasjon og dets moglegheiter som uttrykksform.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentene skal ha grunnleggande

  • kunnskap om ulike historiske tilnærmingar til animasjonsfilm som uttrykksform
  • kjennskap til ulike former og stilar innanfor og utanfor dei tradisjonelle animasjonsteknikkane
  • kjennskap til ikkje-lineære forteljarstrukturar og poetiske uttrykksformer innan animasjonsfilm
  • kunnskap om animasjonsfilmens relasjon til andre former for kunst og film
Ferdigheiter

Studentane skal ha grunnleggande

  • ferdigheiter innan analyse av ulike former og stilar innanfor animasjonsfilm
  • evne til å reflektere over animasjonsfilmens kunstnariske moglegheiter og karakteristiske trekk i ein større kunstnarisk samanheng
  • evne til å reflektere over samanhengen mellom konvensjonar og eksperimentering
  • evne til å differensiere mellom teknikkar og stilar, og mellom gruppestilar og individuelle stilar
Generell kompetanse

Studentane skal

  • kunne sjå og diskutere animasjonsfilm i ein vitskapleg samanheng
  • kunne sjå sin egen praksis i lys av ei større historie
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet består hovedsakleg av forelesingar og seminar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det leggast vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Endre Eidså Larsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Om lag 2000 ord
Godkjent av: 
Kate Kartveit