Semestre
TOD104 Teaterproduksjon 3: Forteljarteater
Emnekode:
TOD104
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2026 Vår
Eksamenssemester:
2026 Vår
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Om emnet
TOD104 Teaterproduksjon 3: Forteljarteater, er eit introduksjonsemne til arbeid med forteljing i scenekunsten. Emnet legg vekt på at studenten skal prøve ut og utvikle seg i den handverksmessige og kunstnarlege sida av forteljarkunsten.
Studentane vil jobbe med m.a:
- Kommunikasjon, munnleg formidling og stemmebruk.
- Tegneseriemime og fysisk formidling.
- Forteljarteater
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, kroppsspråk og stemmebruk
- har kunnskap om utvalde forteljarsjangerar og forteljartradisjonar
Ferdigheiter
Studenten
- kan nyttegjere seg forteljarfaglege teknikkar og uttrykksformer i ulike scenekunstarlege framsyningar
- kan omarbeide ulike typar tekstar med tanke på munnleg formidling på ulike arenaer
- meistrar teknikkar for å lære seg ei forteljing
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over eigne framføringar
- kan arbeide sjølvstendig og produksjonsretta
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, didgitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Utvikling og gjennomføring av eit forteljarprosjekt, induviduelt eller i gruppe, med eit skriftleg refleksjonsnotat knytt til prosjektet, på omlag 1500 ord.
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
10
Maksimumstal:
24
Emneansvarleg:
Hege Holmqvist Synnes
Borghild Otelie Aasebøstøl
Emnet inngår i følgande studieprogram
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
- Skodespel og scenekunst - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
- Teaterproduksjon - årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 2 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eit forteljarteater med etterfølgjande samtale knytt til teori. | Eigne notater under munnleg samtale. |
Godkjent av:
Unni Hagen