ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900

Emnekode: 
ENG144
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Literature, culture and society before 1900
Emnenavn på bokmål: 
Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske hendingar, sosial og kulturell utvkling og litterære tekstar, og gjev studenten ferdigheitene dei treng for å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Erfaring med å lese lengre litterære tekstar på engelsk, samt ein god karakter i engelsk frå vidaregåande skule, vil vere ein fordel.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:​

  • har kunnskap om grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
  • har kunnskap om eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
  • har kunnskap om samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
  • har kunnskap om grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
  • har kunnskap om korleis ein skriv gode akademiske tekstar på engelsk
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
  • kan analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse
  • kan analysere og evaluere døme på samspelet mellom samfunnshistorie og kunstnariske uttrykk
  • kan nytte digitale ressursar for å auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
  • kan skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere, vurdere og framstille informasjon på ein kritisk og samanhengande måte
  • kan skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
  • kan diskutere engelsk litteratur, kultur og samfunn på ein måte som syner kunnskap og formuleringsevne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

Studenten skal delta aktivt på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen må studenten også fullføre og få godkjent tre arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart:

1. eit kultur- og samfunnsarbeidskrav, anten eit skriftleg arbeid (1000 ord) eller ein munnleg presentasjon (emneansvarleg avgjer kva type arbeid)

2. eit litteraturessay (1500 ord)

3. delta på eit to-vekers studieopplegg arrangert av Det norske studiesenteret i York, Storbritannia. Studentar som ikkje kan delta må søkje om dispensasjon frå kravet og i staden fullføre eit alternativt arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort tidleg i semesteret.

Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis med kort frist).

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust