Semestre

REL153 Religion, media og populærkultur

Emnekode: 
REL153
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gjer ein introduksjon til korleis religion og religiøse uttrykk kjem til uttrykk i media og populærkulturen. Media og populærkultur er i dag ei viktig kjelde til kunnskap om og forståing av religionar og deira innverknad på individ og samfunn. Religiøse uttrykk brukast også i populærkulturen fordi dei er lette å kjenne igjen og lett å omsette til produkt som kan seljast. Dette emnet vil gje kunnskap om medialiseringa av religion. Emnet presenterer konkrete døme på korleis religion vert framstilt på ulike måtar i media og populærkulturelle uttrykk som film, TV-seriar, musikk og litteratur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forholdet mellom religion og media i eit fleirkulturelt samfunn  
  • har kunnskap om populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv  
  • har kunnskap om meiningsdanning og verdiformidling gjennom populærkulturelle uttrykk  
  • har kunnskap om medias påverknad på sosialisering
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan drøfte rolla til religion og media i eit fleirkulturelt samfunn  
  • kan utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen  
  • kan bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen  
  • kan anvende relevante digitale verktøy
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan bruke kunnskapen til å formidle fagstoff om forhaldet mellom religion, media og populærkultur
  • kan reflektere kritisk over forhaldet mellom religion, media og populærkultur i eit fleirkulturelt samfunn  
  • har grunnleggande digital kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.  

Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Det er krav om 75% frammøte til undervisninga, jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to faglege arbeid: 

  • ei oppgåve på 1500 ord 
  • ei oppgåve på 1500 ord og munnleg presentasjon 
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Annette Gjerde Hansen
Aleksander Krogevoll
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor
  • Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
2500 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Studenten vel sjølv om eksamen skjer på norsk eller engelsk.
Godkjent av: 
Arne Myklebust