Semestre

MEI301 Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet

Emnekode: 
MEI301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet rettar fokus på korleis helse- og sosialarbeidarar kan bidra til meistring og myndiggjering i samhandlinga med brukarar og deira pårørande. Innhaldet i emnet er organisert i fire hovudtema:

Tema 1 Meistring og myndiggjering:

Sentrale omgrep og ulike teoretiske perspektiv på meistring og myndiggjering/empowerment innanfor ulike yrkesarenaer i det helse- og sosialfaglege yrkesfeltet.

Tema 2 Kommunikasjon og meiningsdanning:

Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori, meistringsfremmande kommunikasjon, språk og meiningsdanning.

Tema 3 Brukar-, pasient- og pårørandeerfaringar:

Brukarerfaring i helse- og sosialsektoren, pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar og for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar, utfordringar i fleirkulturelle relasjonar. 

Tema 4 Etiske utfordringar og dilemma

Menneskesyn og etikk i nære relasjonar, etiske og faglege verdiar, makt og kontroll i nære relasjonar, dialog, tillit og autonomi.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om sentrale teoriar om meistring, myndiggjering/empowerment, brukarperspektivet, kommunikasjon og samhandling.
  • omfattande kunnskap om korleis makt, avmakt og motmakt kan gjere seg gjeldande i samhandling mellom profesjonsutøvarar, brukarar og pårørande.
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • ferdigheiter i å gjere grundige analysar av samhandlingsrelasjonar og styrke og vidareutvikle dei slik at meistring og myndiggjering kan realiserast i samarbeid med brukar og andre sentrale aktørar. 
  • ferdigheiter i å nytte kommunikasjonsformer som fremjar læring, meistring og myndiggjering og anerkjenner brukaren sin eigen kompetanse.
Generell kompetanse

Studenten skal ha generell kompetanse 

  • i å utøve fagleg skjønn av høg kvalitet ved bruk av teori, eigne erfaringar og brukarkompetanse i samhandling med brukarar, pårørande og andre profesjonelle.
  • i å identifisere og endre samhandling som hemmar meistring og myndiggjering gjennom etisk refleksjon og god dømekraft.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre studiesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar og ein studiedag kvar gong. Noko av undervisninga kan vere digital. Det er forventa at studentane bidreg aktivt på alle samlingane.

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktøyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. 

Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og rettleiing. Kvar student får tildelt ein rettleiar i starten av studiet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: To arbeidskrav som inneber både skriftleg og munnleg arbeid. Meir informasjon om type arbeidskrav og omfang, vert gitt ved semesterstart.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Ellen Andenes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgåva skal ha ei sjølvvald problemstilling som er relevant for emnet. Det er knytt rettleiing til oppgåva.
Alle.
4000 ord (+/-10%).
Godkjent av: 
Randi Bergem 09.03.2023