Semestre
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Ingen
I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, korleis kan ein førebyggje problematisk rusmiddelbruk og kva konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?
Emnet har tre temaområde:
Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel
- Avhengigheit som fenomen
- Rusmiddelbruk og marginalisering
- Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk
Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv
- Bruk av rusmiddel i ulike livsfasar
- Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
- Betydinga av kjønn for rusmiddelbruk
Tema 3) Rus og samfunn
- Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
- Førebygging
- Rus og arbeidsliv
- Rus og sjølvmord
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om
- viktige trekk ved rusmiddelbruken i ulike grupper i Noreg
- ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
- rusførebyggande tiltak på overordna nivå og kjennskap til ulike former for rusførebyggande arbeid
Studenten skal kunne
- forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
- kritisk vurdere ruspolitiske føringar og førebyggande tiltak
- analysere og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem
Studenten skal i inngåande grad kunne
- analysere og reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem
- analysere og reflektere kritisk over rolla som profesjonell i møte med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle problematisk rusmiddelbruk
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre studiesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar kvar gong. Det er forventa at studentane møter og bidreg aktivt på alle samlingane. På andre samling må studentane møte fysisk for å kunne gjennomføre arbeidskravet i emnet.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktøyet Canvas til informasjon, dialog og deling av læringsressursar.
Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar ligg her.
Arbeidskrav: Gruppearbeid og presentasjon, frammøte på andre samling.
Studentane skal arbeide i grupper med ei oppgåve gitt av emneansvarleg. Resultatet av arbeidet skal presenterast for klassa. Arbeidet med arbeidskravet krev frammøte på andre samling.
Detaljane i arbeidskravet blir gjort nærare greie for i Canvas.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §9-4.
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle. | Minimum 2000 ord - maksimum 3000 ord |