Semestre

PPUD111 Pedagogikk 1

Emnekode: 
PPUD111
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet PPUD111 inngår som dei første 15 studiepoenga av yrkespedagogikk i PPU-Y.  Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning årssteg 8-13 utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 studiepoeng vert teke første studieår ( PPUD111) og 15 studiepoeng vert teke andre studieår (PPUD112).

Yrkespedagogikk handlar om at studenten skal tilegne seg kompetanse i pedagogiske aktiviteter i form av undervisning, læring og utviklingsarbeid, retta mot yrkesfag. Fokus i PPUD111 er knytt til emnegruppe 1: Leiing av læringsprosessar på ulike læringsarenaer, med spesiell vekt på pedagogiske, yrkesfaglige og profesjonsetisk kompetansekrav i det daglige arbeid med elevane i klasserommet. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk- pedagogisk utdanning for yrkesfag, trinn 8-13 (2018).

Emnet vert gjennomført i tett samarbeid med PPY121-yrkesdidaktikk og Praksis 1, for å bidra til at studenten gjennom varierte erfaringar og refleksjonar utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har kandidaten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om teoretiske perspektiv på læring og utvikling
  • har kunnskap om bruken av pedagogikk i leiing av læreprosessar i klasserom /verkstad
  • har kunnskap om elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørskap i klasserom/verkstad
  • kjenner til ulike former for vurdering og samspill mellom tilbakemeling og motivasjon
  • kjenner til observasjon som metode i pedagogisk arbeid
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for pedagogikkfaget
  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøving
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan anvende sin yrkeskompetanse og pedagogiske  kunnskapar i arbeidet med elevar og lærlingar tilpassa ulike behov og yrkesinteresser
  • kan leie, rettleie og motivere elevar, og skape  konstruktive, meiningsfylte og inkluderande  læringsmiljø
  • kan arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderanse fellesskap som fremjer trivsel og læring for alle
  • kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, og andre tilsette ved skolen
  • kan vurdere og dokumentere elevane si læring og utvikling, sjølstendig eller i samarbeid  med andre, og gje læringsfokuserte  tilbakemeldingar som kan medvirke til at eleven kan reflektere over eiga læring 
  • kan framstå som rollemodell for elevar, og vere bevisst sitt ansvar i å byggje yrkesrelevante relasjonar
Generell kompetanse
  • kan formidle kunnskapar, ferdigheiter, haldningar og motivere elevane til gode læringsprosessar gjennom fagleg innsikt og engasjement
  • kan byggje gode relasjonar til elevar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø
  • kan tilpasse opplæringen til den enkelte elev
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i tråd med relevante styringsdokument
  • formidle og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • identifisere eigne behov for utvikling og reflektere over eiga endring og utvikling, som følge av rettleiing

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ved Høgskulen i Volda er PPU-Y eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester.  Arbeidsformene i studiet vert ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.      

Studenten må ha tilgjengeleg eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.   

Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlige på PPUD111 og PPY121.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav   

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.   

Arbeidskrav    

  • Akademisk skriving – tverrfagleg. Skrive ein fagtekst om eit relevant yrkespedagogisk emne. Omfang:750 ord (+/-10 %) 
  • Skriftleg refleksjonsoppgåve knytt til observasjon i klasserommet. Omfang 2000 ord +/- 10%.  
  • Praksisrefleksjon – tverrfagleg. Dette arbeidskravet er todelt. 

        1. Utarbeide og gjennomføre eit undervisningsopplegg i praksis.

        2. Skrive ein praksisrapport der kandidaten reflekterer over den gjennomførte undervisningøkta i lys av relevant pensumlitteratur  frå både  PPUD111 og  PPY 121. Omfang: 1800 ord ( +/- 10%).

Føremålet med arbeidskrava er å dokumentere forståing av dei yrkespedagogiske tema, og å få praktisk øving i undervisningsplanlegging,  skriftleg og munnleg framstilling, kollegarettleiing, digitale ferdigheiter og vurdering. 

Vurdering: Godkjend/ikkje godkjend.   

Arbeidskrav må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen.

Gjeld alle studentar som går på PPUD111 og PPY121

  • Studenten skal vere til stades på minimum 80% av undervisninga.
  • Alle arbeidskrava må vere godkjende. 
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ester Alnes Osnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Tverrfagleg munnleg eksamen
Ingen.
Godkjent av: 
Silje Ims Lied