JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar

Emnekode: 
JOU213
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Journalism 3 - Press Ethics and Publication Rules
Emnenavn på bokmål: 
Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsregler
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Om emnet

I dette emnet går ein djupare inn i publiseringsreglane i pressejussen og presseetikken. Sentrale omgrep i emnet er ytringsfridom, personvern og opphavsrett. Ein tek vidare føre seg reglar for bruk av kjelder frå sosiale medium og kjelder som har teieplikt, og det vil bli gitt ei innføring i kven som kan haldast ansvarleg for brot på reglane.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggande kunnskap om forskjellen mellom pressejuss og presseetikk   
  • har grunnleggande kunnskap om juridiske reglar for publisering 
  • har grunnleggande kunnskap om publisering av materiale henta frå sosiale medier
  • har brei kunnskap om Vær Varsam-plakaten  
  • har brei kunnskap om presseetikk 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan vurdere publiseringsrett, både presseetisk og juridisk.  
  • kan vurdere bruk av materiale opp mot åndsverklova (opphavsretten)   
  • kan vurdere avveginga mellom ytringsfridom og personvern
  • kan vurdere journalistiske saker opp mot Vær Varsam-plakaten
  • kan vurdere bruk av materiale frå sosiale medier opp mot publiseringsreglane 
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan reflektere godt rundt dei juridiske publiseringsreglane  
  • kan reflektere godt rundt journalistisk arbeid med kjelder med teieplikt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes gruppearbeid, verkstadar og seminar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • evaluering av emnet

Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • type arbeidskrav 
  • tal arbeidskrav
  • organisering
  • omfang
  • frist
Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Ellen Lexerød Hovlid
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Kate Kartveit