Semesters
JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar
I dette emnet går ein djupare inn i publiseringsreglane i pressejussen og presseetikken. Sentrale omgrep i emnet er ytringsfridom, personvern og opphavsrett. Ein tek vidare føre seg reglar for bruk av kjelder frå sosiale medium og kjelder som har teieplikt, og det vil bli gitt ei innføring i kven som kan haldast ansvarleg for brot på reglane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har grunnleggande kunnskap om forskjellen mellom pressejuss og presseetikk
- har grunnleggande kunnskap om juridiske reglar for publisering
- har grunnleggande kunnskap om publisering av materiale henta frå sosiale medier
- har brei kunnskap om Vær Varsam-plakaten
- har brei kunnskap om presseetikk
Studenten:
- kan vurdere publiseringsrett, både presseetisk og juridisk.
- kan vurdere bruk av materiale opp mot åndsverklova (opphavsretten)
- kan vurdere avveginga mellom ytringsfridom og personvern
- kan vurdere journalistiske saker opp mot Vær Varsam-plakaten
- kan vurdere bruk av materiale frå sosiale medier opp mot publiseringsreglane
Studenten:
- kan reflektere godt rundt dei juridiske publiseringsreglane
- kan reflektere godt rundt journalistisk arbeid med kjelder med teieplikt
Forelesingar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes gruppearbeid, verkstadar og seminar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- evaluering av emnet
Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- type arbeidskrav
- tal arbeidskrav
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |