19 knallgode dokumentarfilmar du bør sjå

Tekst: Per Straume , Foto: Elise Strålberg

- Oppdatert

Den norske dokumentarfilmfestivalen skulle eigentleg ha sørga for mykje festivalmoro og gode filmopplevingar i Volda denne veka. Som eit lite plaster på såret gir dokumentarfilmguru Gunnar Strøm deg 19 av sine beste tips til dokumentarfilmar som du kan kose deg med heime i stova.

Festivalen, som blant folk i Volda og tidlegare studentar er best kjend som Dokfilm, skulle ha vore arrangert for 24. gang i år. På grunn av situasjonen med koronaviruset set ikkje den eldste dokumentarfilmestivalen i Noreg sit gode og underhaldande preg på Volda denne veka. 

Tidlegare studentar som vanlegvis valfartar tilbake til sunnmørsbygda, noverande studentar, bygdefolk, bransjefolk og alle andre får smøre seg med tolmod og vente eitt år til dei igjen kan treffe gamle kjende, oppleve det beste av dokumentarfilm i Noreg, vere med på morosame og fargerike uteaktivitetar rundt om i bygda, ha det knallkjekt i festivalteltet og danse seg gjennomvåte på dansegolvet på samfunnshuset. Dokfilm kjem tilbake i 2021.

Viktig møteplass

Eit år utan Dokfilm vert spesielt for Gunnar Strøm. Den nyleg pensjonerte, men endå så aktive dosenten, har undervist dokumentarfilmstudentar i Volda gjennom mange år og bidrege mykje til festivalen heilt frå starten av. Strøm hyller den studentdrivne festivalen og siterer tidlegare dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, Sverre Liestøl, når han skal omtale den med få ord: «Den norske dokumentarfilmfestivalen er våren i Volda sitt vakraste eventyr:»

Dokfilm2018

– Mange av oss einige i det. I fleire tiår har Dokfilm vore ein svært viktig møteplass for den norske dokumentarfilmbransjen, for dokumentarfilmstudentane i Volda, aktive og ikkje minst tidlegare, dei andre HVO-studentane og oss voldingar som har skjønt kva for eit fantastisk tilbod Dokfilm er. For Volda kommune er Dokfilm noko av det kommunen skryt av når dei skal seie kva som er unikt med Volda, seier Strøm.

Må velge frå fantastisk filmhistorie

Gunnar Strøm

Strøm har sitte i mange filmfestivaljuryar dei siste 30 åra. Og det er alltid vanskeleg å velje kva filmar som skal få pris. No har vi utfordra han om å fritt velje sine dokumentarfilmfavorittar frå heile dokumentarfilmhistoria. – Ingen vil vere heilt einig med meg i utvalet eg har gjort. Eg har valt ut både velkjente og mindre kjente filmar, gamle og nyare og som samla vil vise det store spekteret filmar som alle fell inn under dokumentarfilmomgrepet. Håper alle finn noko spennande!

– No skulle vi ha vore på kino på samfunnshuset og på Rokken. Neste år er vi sjølvsagt på plass. Men i år må vi finne anna løysingar. Dokfilm presenterer kvart år det beste av det som blir laga av norsk dokumentarfilm. Kanskje vi i år skal sjå litt bakover i den fantastiske dokumentarfilmhistoria? Eg vil presentere nokre av mine favorittar. Nokre må ein betale for å få sjå. Dei fleste ligg fritt ute på nettet. Kos dokker! Vi sjåast på Dokfilm i 2021, lovar Strøm.
 

GUNNAR STRØMS DOKUMENTARFILMTIPS

NORSKE DOKUMENTARAR:

Når det gjeld norske dokumentarfilmar vil eg foreslå at dokker leitar opp filmar av dei to største dokumentarfilmskaparane vi har: Knut Erik Jensen (som har vore på Dokfilm og gjestelærar vbed Høgskulen i Volda mange gongar) og vår eiga Margreth Olin som studerte dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda.

Margreth sitt prislønna sjølvportrett Kroppen min finn dokker i lenka under. Der er også andre filmar ho har laga, som Dei mjuke hendene og eksamensfilmen ho laga i Volda: I kjærleikens hus. På filmarkivet.no må ein anten abonnere eller betale ei lita leige for å sjå filmane.
https://filmarkivet.no/film/details.aspx?filmid=45745
https://www.filmweb.no/profil/article864554.ece

Eg fann ikkje Knut Erik Jensen sine filmar på nettet då eg leita, men mange av dokker er sikkert flinkare enn meg til å leite i eteren. Prøv Jeg er uten forbilder om fotografen Kåre Kivijärvi, Kald verden om naturen på Svalbard, den elleville statsfinansierte Natur-barn-natur (1987) om norske barnehager eller den fantastiske TV-serien Finnmark – mellom øst og vest (8 timer, 1986).
https://no.wikipedia.org/wiki/Knut_Erik_Jensen

Ein oppsiktsvekkande prislønna eksamensfilm frå Volda som dokker sikkert ikkje har sett, er denne filmen om balansekunstnaren Tell Teigen. Ingen kunne balansere som han, og han var ein av verdas største sirkusartistar på 1950-talet. Det skulle dei visst då han starta å balansere i Høyanger før krigen.
https://filmarkivet.no/film/search.aspx?searchmode=combined&person=Tell+Teigen
https://no.wikipedia.org/wiki/Tell_Teigen

 

Under finn dokker nokre av Gunnar Strøm sine favorittar frå dokumentarfilmhistoria og som ligg ope på Youtube og andre nettsider.

 

KLASSIKARAR:

  • Nanook of the North (USA, 1922) 

av Robert Flaherty er rekna som den første eigentlege dokumentarfilmen. Flaherty var ein eventyrar som hadde vore i Arktis og filma inuittane. Ved klippebordet heime i California tok filmen fyr (det var vanleg å røyke også blant filmklipparane den gongen – og nitratfilm var høgeksplosiv!!). Flaherty drog tilbake til Arktis, og no visste han kva han ville ha – og gjennom hans kreative handsaming av verkelegheita, vart dokumentarfilmen fødd.
https://www.bing.com/videos/search?q=Nanook+of+the+North&docid=608010958936277415&mid=7BA2EC85DD939AD205E47BA2EC85DD939AD205E4&view=detail&FORM=VIRE
https://en.wikipedia.org/wiki/Nanook_of_the_North

  • Chronique d’un Ete (Frankrike, 1961)

av Jean Rouch og Edgar Morin er ein fransk dokumentar som definerer den nye filmretninga Cinema Verité der ein tok med seg kamera ut på gata - og her spurte om korleis folk hadde det.
https://www.bing.com/videos/search?q=A+Summer%27s+Chroniqcle&&view=detail&mid=EF3E50BD1CC469C784F9EF3E50BD1CC469C784F9&&FORM=VDRVRV
https://en.wikipedia.org/wiki/Chronique_d%27un_été

 

MUSIKK-DOKUMENTARAR:

  • Jazz on a Summer’s Day (USA, 1959)

av reklame- og motefotografen Bert Stein er ein av dei flottaste konsertfilmane som er laga. Den handlar om Newport-festivalen i 1958 og mellom artistane er Thelonius Monk, Chuck Berry og Louis Armstrong. 
https://www.bing.com/videos/search?q=Jazz+on+a+Summers+Day&docid=608056073222688452&mid=2F33AB78210037AA54142F33AB78210037AA5414&view=detail&FORM=VIRE
https://en.wikipedia.org/wiki/Jazz_on_a_Summer%27s_Day

  • Lonely Boy (Canada, 1962)

av Roman Kroitor og Wolf Koenig frå den nyskapande filmgruppa Unit B ved National Film Board of Canada. Tenåringsidolet Paul Anka blir filma framfor hylande fans. Dette er den første rockumentaren. Den viser også baksidene av ein kynisk show-biz-bransje. 
https://www.bing.com/videos/search?q=Lonely+Boy+Paul+Anka+Film&docid=608023560360103435&mid=9F430C48AD8ABD8092C49F430C48AD8ABD8092C4&view=detail&FORM=VIRE
https://en.wikipedia.org/wiki/Lonely_Boy_%28film%29

 

ANIMERTE DOKUMENTARAR:

  • Aldrig som första gången (Sverige, 2006)

Filmtecknarna i Stockholm var i mange år det mest spennande animasjonsfilmstudioet I Skandinavia. Dei laga kortfilmar, reklamefilmar og musikkvideoar. Jonas Odell var den leiande regissøren. Han har fleire gongar vore i Volda. Her skildrar han 4 ulike karakterar sine erfaringar frå første gongen dei hadde sex.
https://www.youtube.com/watch?v=UkS-vaao6mA
https://en.wikipedia.org/wiki/Jonas_Odell.

  • Abductees (UK 1995)

av Paul Vester var ein av dei første nye ‘postmoderne’ animerte dokumentarfilmane som mellom anna den britiske TV-kanalen Channel 4 sto bak på 1990-talet. Abductees er eit svært godt døme på korleis animasjon kan brukst til å framstille sider ved verkelegheita som ein vanskeleg kan gjere like godt i realfilm.
https://www.youtube.com/watch?v=D_UgJFZSRec
http://ukanimation.blogspot.com/2010/04/paul-vesters-abductees.html

Kajsa Næss og Julie Engaas er to filmskaparar her heime som har utmerka seg med å lage spennande prisvinnande animerte dokumentarar. Begge er utdanna i Volda.

  • Du velger selv (Norge 2013)

av Kajsa Næss er basert på intervju med barn som har foreldre i fengsel.
https://vimeo.com/221229907
http://www.nordicwomeninfilm.com/person/kajsa-naess/

  • Det var ikke jeg, det var fiskmåsen (Norge 2013) 

av Julie Engaas tar utgangspunkt i erfaringene til komikeren og skuespilleren Pelle Sandstrak, som er diagnostisert med Tourettes syndrom.
https://vimeo.com/180926521
http://www.nordicwomeninfilm.com/person/julie-engaas/

 

EKSPERIMENTELL DOKUMENTARFILM:

  • Koyaanisqatsi (uttale: koʊjɑːnɪsˈkɑːtsiː) òg kjent med det fulle namnet Koyaanisqatsi: Life Out of Balance 

er ein film frå 1982, regissert av Godfrey Reggio med musikk komponert av Philip Glass og kunstnerisk filmfoto av Ron Fricke. Dokker har alle sett fascinerande scener frå denne filmen. Her er heile kunstverket:
https://www.youtube.com/watch?v=v6-K-arVl-U
https://nn.wikipedia.org/wiki/Koyaanisqatsi

 

MOCKUMENTAR:

Dei ser ut som ekte dokumentarar, men er det ikkje.

  • Forgotten Silver (New Zealand 1995)

av stjerneregissør Peter Jackson (Lord of the Rings m.m.m.) og Costa Botes fortel historia om ein banebrytande newzealandsk filmskapar. 
https://www.youtube.com/watch?v=FtGhzNtttds
https://no.wikipedia.org/wiki/Forgotten_Silver

  • All You Need Is Cash (UK 1978)

av Eric Idle og Neil Innes er ein kjærleg harselas med historia om The Rutles – eit band som har vel mykje til felles med The Beatles. Både Idle og Innes er kjend frå Monty Python. Innes var også sentral i The Bonzo Dog Doo Dah Band. 
https://www.youtube.com/watch?v=xqca4qLzBDE
https://en.wikipedia.org/wiki/The_Rutles
 

Del på